Vi må ikkje la oss lure ein gong til!

Av
DEL

Leserbrev  (iSandnessjøen) Eg kjenner meg lurt, sa Ingelin Noresjø, då Nord universitet vedtok å legge ned Nesna. Vi er mange som vart lurt og no gjeld det å hindre at heile Helgeland blir lurt igjen!

Alle snakkar varmt om desentralisert utdanning! Men det er stor forskjell på å få flyboren, desentralisert utdanning frå Tromsø eller Oslo, samanlikna med å ha ein sjølvstendig høgare utdanningsinstitusjon, lokalisert til Helgeland.

Alle er for å ha studiestader rundt omkring i distrikta. Men Nesna er ikkje berre ein studiestad. Nesna har ein bygningsmasse som representerer ein over hundre år lang høgare utdanningstradisjon og som er skreddarsydd for ein sjølvstendig institusjon. Her kan vi huse den administrative krafta som gjer at vi igjen kan bestemme at det skal bli utdanna lærarar, barnehagelærarar og sjukepleiarar, i desse lokalane. Då kan vi bestemme at vi skal skape den beste lærarutdanning nettopp her! I samarbeidet mellom studentar i praksis hos øvingslærarar i alle kommunane på Helgeland, kan vi skape verdens beste skole, slik at vi redusere fråfallet i vidaregåande skole. Gjennom utviklingsarbeid som tek tak i dei reelle problema i skole, barnehage, helsevesen og så vidare, kan fagpersonalet som er tilsett på Nesna, bidra til livslang læring gjennom etter- og vidareutdanning. Vi kan bruke digitalisering i læringsarbeidet, slik at vi kan ta kunnskap frå heile verda i bruk og distriktsskolen kan bli den beste skolen i landet. Vi kan knytte internasjonale kontaktar, for sentralisering og distriktsutfordringar, finnes over heile verda. Ikkje minst skal vi ha lærarar som ser den enkelte elev, som kan hjelpe dei som har dysleksi og skape eit klima i skolen som gjer at ingen blir mobba. Vi skal gjere kvarandre gode og lokalmiljøa ute i distrikta skal skine og glitre, slik at dei som veks opp Helgeland, veit at dei kan kom heim igjen!

Kva er forskjellen på ein studiestad og ein sjølvstendig høgare utdanningsinstitusjon? Kva er forskjellen på ”desentralisert utdanning” og eit fullverdig høgare utdanningstilbod på Helgeland? Det er denne skilnaden vi må forstå , om vi ikkje skal bli lura ein gong til. Då må vi synleggjere kva for utfordringar vi kan løyse, dersom vi har ein sjølvstendig institusjon, ei administrativ kraft og fagfolk som brenn for Helgeland, for ungane og for folket som bor her!

Departementet har gitt Statsbygg i oppdrag å selje bygningsmassen på Nesna! Ein bygningsmasse som gjennom hundre år er bygd opp til å huse ein moderne og skreddarsydd utdanningsinstitusjon og campus for å utdanne lærarar, barnehagelærarar, sjukepleiarar og anna relevant høgare utdanning. Dersom denne bygningsmassen blir seld, vil det vere vanskeleg å vidareføre Nesna som fullverdig utdanningsinstitusjon. Vi treng ingen lokaliseringsstrid for Helgeland si eiga høgskole! Nesna ligg strategisk plassert, mellom Mosjøen, Mo og Sandnessjøen. 50 000 menneske kan dagpendle til Nesna! No må vi på Helgeland seie høgt kva vi meiner! Det høgare utdanningstilbodet på Helgeland skal vidareførast og vidareutviklast! Det var ikkje meininga at strukturreforma skulle få lov til nedlegging av dei fusjonerte institusjonane som vart campus i Nord universitet. Blir dette ståande, kan det danne presedens og ramme fusjonerte institusjonar i andre delar av landet. Alle parti på Helgeland kan sende inn forslag til sine respektive parti sine programkomitear: Vi aksepterer ikkje nedlegginga av Helgeland si eiga høgskole!

Vi veit at eit av dei mest effektive distriktspolitiske tiltak, er offentlege høgare utdanningsinstitusjonar. For det første utdannar desse viktige fagfolk til kommunane. For det andre representere ein slik institusjon om lag 150 kompetansearbeidsplassar i regionen. Desse arbeidsplassane gjer det attraktivt å flytte til Helgeland. For det tredje tilfører ein slik offentleg institusjon om lag 150 millionar kroner kvart år, noko som fører til store ringverknader for næringslivet i regionen. Vi veit kva som virkar! Vi veit at Høgskolen i Nesna har levert varene i over hundre år!

Denne saka kan berre løysast politisk. Derfor er den valkampen som no er i startgropa, så viktig. Vi må ha eit stortingsfleirtal som er villig til å ta dei grep som er nødvendige for å snu flyttestraumen frå Helgeland og distrikts-Noreg. Vi må sende heilt klåre signal til dei som vil ha ein stemme frå Helgeland: Campus Nesna skal vidareførast som ein fullverdig høgare utdanningsinstitusjon. Vi skal ikkje la oss lure ein gong til!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken