Vefsnavassdraget – Skogsarbeiderliv og skogstuet
Selhornet forlag – Helgeland museum 2021
264 s.
«Ingen av mitt folk har noensinne eid et tre. Likevel eier vi skogene», skreiv Hans Børli, med skogsarbeidarens røyst. No har skogsarbeidaren i Vefsn-skogane fått si bok. I den grad det går an å fange skogsarbeidarlivet mellom to permar. For skogsarbeidaren var ein stolt slitar, som gjekk sine eigne vegar. At Skog- og landarbeiderforbundet var skeptiske til tidlønn og heldt på akkordprinsippet heilt fram til 1990, er eitt av mange utslag av dette. I skogen er ein fri, og fri ville skogsarbeidaren vere. Så var det da også viktigare for omdømmet til ein skogsarbeidar at det såg fint ut i drifta, enn at han hadde det høgste kubikktalet på stikkfløya.
Skogsarbeidaren hadde grunn til å vere stolt av yrket sitt. Skogen var ressursgrunnlag for ei eksportnæring som gav landet tiltrengt valuta. Arbeidet kravde styrke, kondisjon og teknikk. Blant dei mest populære idrettsheltane fann vi menn som hadde lagt grunnlaget for meisterskapsmedaljane sine gjennom eit dagleg virke i skogen.
Mange har hatt ein vinter i tømmerskogen eller ein vårmånad på skogplanting, og i denne boka møter vi også folk som har hatt det meste av yrkeslivet sitt i skogen. I lokalsamfunnet er det fleire som tar del i skogsarbeidarens yrkesstolthet. Dette må vere bakgrunnen for boka som Helgeland museum har gitt ut, med hjelp frå Are Halse, Halle Heggli, Arild Tokle, Kari Werum og Kjell Øksendal – ein redaksjon med nær kjennskap til skogbruket og lokalsamfunnet. Boka er andre og siste del av «Vefsnavassdragets skogsdriftshistorie gjennom de siste 100 år». Slik heng ho saman med boka om tømmerfløyting, som kom for tre år sidan, men ho kan lesast heilt uavhengig av denne. Begge bøkene er trykt i fargar og i eit format der kart og foto verkeleg kjem til sin rett.
Dei klassemotsetningane som ligg bak Hans Børlis eigarskap til skogen, var kanskje mindre tydelege på Helgeland. I denne boka møter vi fleire arbeidsfolk med bakgrunn frå småbruk med litt skog, og vi møter bønder som dreiv fram tømmer frå eigen skog, mellom fjøsstella. Kanskje var det klassemotsetningar som her blir feia under teppet, sidan dei fleste i redaksjonen har hatt ein stor del av sin yrkeskarriere som skogfunksjonærar. Men dei evner å løfte fram mange gode historier frå skogsarbeidarliv som det står respekt av.
Vi møter kvinner og menn i arbeid med hogst, framkjøring og skogplanting. Og vi følgjer arbeidsdagen til kokka som hadde ansvaret for stellet i skogstua. Den andre delen av boka handlar nettopp om skogstuer. Redaksjonen har systematisk kartlagt alt av skogstuer langs Vefsnavassdraget, både tufter og hytter som enno er i bruk. Her må det vere lagt ned eit kjempearbeid. Takk vere gode foto og tydelege kart, kan alle vi andre med hjarte for skogen finne turmål og slik ta del i dei minna som skogstuene ber med seg. Derfor er eg viss på at redaksjonens uttrykte mål blir oppfylt – at folk som er så heldige å få boka i hende, får lyst til å oppsøke nokre av dei gamle skogstueplassane.
«Vi eier skogene», sa Børli, og det er vår historie boka fortel om.