Dei fleste nordmenn meiner at ein bør la vere å drikke alkohol når ein er saman med barn. Ved ei ny nordisk undersøking “Alkoholindex 2021” – svara 91 % av nordmennene at det er feil å vere alkoholpåverka når ein er saman med barn. Ca 85 % av svenskane og finnane svara det same, medan under 70 % av danskane meinte det same.

Jamvel om dei fleste nordmenn vil la vere å drikke alkohol når dei er saman med barn, er det ein del som nyt alkohol også når dei er saman med barn. Ofte er alkoholkonsumet stort på ferieturar. På utanlandsreiser er det ofte lett tilgang på billig alkohol. IOGT er ein rusførebyggande organisasjon. IOGT Region Midt-Norge, som dekker Møre og Romsdal, Trøndelag og Helgeland, har no standar fleire stadar i regionen. Det vert særleg fokusert på alkoholkonsumet i sommarferien og den utryggleiken mange barn opplever i den samanheng. Sommarferien skal gje eit avbrekk frå kvardagen og gje gode minne for resten av livet. Det gjeld like mykje for barn som for vaksne, men dessverre er det ikkje alltid slik. Mange barn har dårlege ferieminne på grunn av drikkinga til foreldra og andre vaksne. Sommaren er høgsesong for foreldrefyll i Syden, og kvart år høyrer vi om små barn som må klare seg sjølve fordi foreldra er overstadig rusa. For barn er det skremmande opplevingar, som dei ikkje bør bli utsett for. Barna sine behov for tryggleik bør alltid kome i første rekke.

Ei undersøking utført av Ipsos MMI syner at 23 prosent av alle nordmenn opplevde andre foreldre ruspåverka saman med barn sist dei var på sommarferie. Vidare seier 13 prosent at dei sjølv var rusa. Ved ei anna spørreundersøking oppgjev 5 prosent at dei såg besteforeldre alkoholpåverka saman med barn. Barn trivst best med edru vaksne, og dei merkjer snart endringane i framferda hos dei vaksne når dei har drukke.

Tal frå Folkehelseinstituttet fortel at minst 90.000 norske barn har foreldre som misbrukar alkohol. Det treng ikkje vere alkoholisme eller fyll før eit barn opplever det som utrygt å vere saman med vaksne med promille. Eit par glas er nok til at det skjer små endringar i framferda hos den som drikk. Barn merker endringane mykje raskare enn den vaksne sjølv. Barn er ikkje opptekne av mengda som vert drukke, men konsekvensen av inntaket. Mange vaksne som drikk saman med barn, tenkjer nok ikkje på at barna synes det er utriveleg. Derfor vil IOGT minne alle om at det er best å tenke seg om to gongar før ein drikk alkohol når ein er saman med barn på ferie. Dei beste opplevingane har ein saman, og barn trivst best saman med edru vaksne.

IOGT vil ynskje alle ein god ferie utan alkohol!


For IOGT Region Midt-Norge

Per-Arne Lillebø (leiar) og John Almendingen (skrivar)