Gå til sidens hovedinnhold

Sæterstad gård er et av Norges mest spektakulære reisemål i følge reiseekspert: – Eg fann verkeleg roa

To av reisetipsene til en av landets fremste reiseeksperter er på Helgeland.

Gunnar Garfors har reist verda rundt og sett det meste. I den nye boka «Bortom allfarveg» som blir lansert i desse i dagar, har landets fremste reiseekspert plukka 81 reisetips i Noreg. To av reisetipsa i boka er frå Helgeland. Både Sæterstad Gård i Hattfjelldal og Vistenfjorden i Vevelstad har imponert den vidreiste forfattaren.

– Nesten ingen har ein gong høyrt om landets reinaste fjord eller den nest største innsjøen i Noreg. Vi snakkar skjulte perler det berre er eit tidsspørsmål før fleire oppdagar. Det er slike stader folk ønskjer seg til i sommarferien, fortel Garfors i en pressemelding.

Sommaren 2020 la mange nordmenn noregsferien sin til stader som Preikestolen, Besseggen eller Geiranger, noko som førte til køar og til dels lang ventetid. Hotellprisane steig også i tråd med etterspurnaden. Men kvifor reiser vi eigentleg til dei same stadene når landet vårt har så mykje meir å by på?

Dette lurte globetrottaren på og pakka sekken for å leggje ut på norgesturné for å spore opp dei mest unike reiseperlene i landet. Etter 43.000 km på kryss og tvers valde han sine favorittar og samla dei mellom to permar. Dei fleste ligg ikkje så langt bortom allfarveg som tittelen kan få lesaren til å tru. Nokre av dei ligg rett framfor auga våre.

– Eg fann verkeleg roa i både Hattfjelldal og Vevelstad. Vakrare blindvegar skal ein leite lenge etter, fortel Garfors med stor begeistring.

I boka samlar Garfors ikkje berre reisetips, lesaren blir også kjend med folk. Og det å kome i kontakt med lokalbefolkninga er kanskje eit av reiseforfattaren sine viktigaste råd til ein vellukka ferie.

– Eg har blitt kjend med enormt mange spennande menneske som er busett over heile landet. Ikkje berre er det hyggeleg, det er sjølvsagt også dei som veit om dei beste hemmelegheitene og innsidetriksa som garanterer ein endå meir minneverdig ferie, fortel Garfors med eit smil.

At dette fell i smak hos fleire, viser att i salstalet. Ein tredjedel av opplaget vart alt selt før boka rakk å kome på lager. «Bortom allfarveg» er utgitt på Skald forlag.

Kommentarer til denne saken