Gå til sidens hovedinnhold

Rusfri dag 8. juni

Det skal ikkje vera ei skam å vera fråhaldande frå alkohol, sier Torgunn Søyland Skoglund.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

8. juni kvart år blir rusfri dag markert. Vi veit at rus er eit stort samfunnsproblem. Det gjeld i alle land i verda. Det går eit belte frå Russland til USA, der Europa er inkludert, kor alkoholkonsumet er størst. Ein har drikkekultur som går ut på å bli full når ein drikk. Kanskje litt mindre slik i Sør Europa. Denne kulturen går sjølvsagt utover mange ting.

Annan rusbruk er også svært skadeleg. Narkotika bryt fortare ned og gjer kanskje større skade i den einskilde sitt liv. Men det gjeld ikkje så mange i vårt samfunn som dei som blir skadde av alkohol.

Eg vil sitere litt frå ei bok, Alkoholpolitisk håndbok utgitt av Marit Barane i DNT, Det norske totalavholdsselskap.

Alkoholkultur: Alkohol oppleves i dag som en så selvsag og obligatorisk del av kulturen vår, at det er vanskelig å tenke seg hvordan folk på 50-tallet som vokste opp uten alkohol, hadde det. Hvordan er det mulig å ha et julebord uten å kunne lene seg på øl eller en drink? Hvordan skal man kort sagt kunne ha det skikkelig gøy uten at alkohol er involvert? Får man venner?

Vi vet at det i Norge er 10% som drikker mer enn 50% av alkoholforbruket. Empiriske undersøkelser fra Europa og Afrika viser at når det gjennomsnittlige alkoholforbruket i et land øker med en enhet; øker antallet storforbrukere med 4 enheter. Det kalles totalkonsumteorien. Andre skadevirkninger øker også i takt med totalforbruket.

Her kjem noko som overraska meg stort. Eg siterer vidare frå boka:

Norge er et av landene i Europa med absolutt færrest avholdsfolk. der Spania har 34%, Italia 25%, Sverige 16 %, har Norge 6 % livstids avholdende .

Eg minnest Rune Larsen, ein profilert songar og fråhaldsmann sa noko om det å få tilgjenge til alkoholfrie drinkar på hotell og utestader. Det kan ofte by på problem. Han var høgrøysta og sa tydeleg ifrå når han ville ha skjenkestaden til å ha alternativ til alkohol. Han gjekk ikkje stille i dørene.

Grunnen til at han vart fråhaldsmann, var at han i popsangermiljøet og mellom venner av seg såg den eine etter den andre bli så skada av rus at dei gjekk bort pga. dette.

Det skal ikkje vera ei skam å vera fråhaldande frå alkohol. Det er ein motpol til allle skadene som dette konsumet påfører samfunnet.

Kommentarer til denne saken