Gå til sidens hovedinnhold

Regjeringa prioriterer friluftsliv

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I koronaåret 2020 har regjeringa løyvd rekordmykje pengar til friluftsliv. Vi har brukt om lag 23 millionar kroner til ekstraordinære tiltak, i tillegg til den ordinære løyvinga til friluftsliv på 244,9 millionar kroner.

Fram mot jul vil vi øyremerke endå meir pengar til informasjonstiltak for å fremme friluftsliv.

For neste år går rett nok løyvinga litt ned, til 242,2 millionar. Det er 2,7 millionar mindre enn i 2020, men 2,1 millionar meir enn i 2019. Det stemmer derfor ikkje at regjeringa foreslår eit stort kutt i løyvingane til friluftsliv, slik generalsekretær Bente Lier i Norsk Friluftsliv seier i eit innlegg publisert i Helgelendingen 23. november.

I tillegg blir det gitt betydelege midlar til friluftsliv frå spelemidla, som Kulturdepartementet forvaltar. Desse pengane går til friluftslivsaktivitet og til anlegg for friluftsliv. I 2020 vart det gitt 38 millionar kroner til friluftslivsaktivitet for barn og ungdom over spelemidla. I tillegg kjem betydelege beløp til mellom anna lysløyper, turstier, turvegar, nærmiljøanlegg, dagsturhytter og overnattingshytter.

I budsjettforslaget for 2021 er det foreslått eit avgrensa kutt i tilskotsordningane til friluftslivsaktivitet og tilrettelegging av sikra friluftslivsområde. Dette kuttet er på til saman 9 millionar kroner, men blir motsvart av at ei rekke andre ordningar er styrkte. Det blir òg etablert ein ny øyremerking til friluftsliv.

Vi aukar mellom anna driftsstøtta til Norsk Friluftsliv (0,5 millionar kroner), Friluftsrådenes Landsforbund/friluftsråda (1,3 millionar kroner) og til Forum for natur og friluftsliv (1,5 millionar kroner). Vi har òg øyremerkt 2 millionar kroner til den digitale turportalen Ut.no. Ut.no har vorte svært populær, og koronaåret 2020 har vist at brukarvennlege digitale løysingar fører til at fleire kjem seg ut i skog og mark.

Vi held fram med sikring av friluftsområde på same nivå som før. Kvart år sikrar vi mellom 20 og 30 attraktive friluftslivsområde. Områda blir deretter ofte tilrettelagt slik at flest mogleg kan bruke dei. Dette er nesten utan unntak område nær der folk bur, og som i stor grad blir brukt av barn, unge og barnefamiliar. I tillegg vidarefører eller aukar vi løyvingane til friluftslivsaktivitet for personar med innvandrarbakgrunn, Skjærgårdstenesten, Nasjonale turiststiar og ei rekke friluftslivsprosjekt.

Friluftsliv er viktig for regjeringa, og blir prioritert i heile statsapparatet. Løyvinga til friluftsliv blir derfor vidareført på nær same nivå i 2021, der nokre ordningar har fått auke, medan eit par ordningar er litt reduserte.

Regjeringen begrenser friluftsglede for barn og unge

Kommentarer til denne saken