Det er gledeleg å sjå at stadig fleire fylkesparti i Nordland tek eit standpunkt mot utbygging av vindkraft i ubebygd natur. Ikkje minst har utbygginga som skjer i Øyfjellet vist kor omfattande slike inngrep er. Synet på slike utbyggingar endrar seg når ein får nærkontakt og forståelse for kva dei faktisk inneber. Kunnskapen om negative konsekvensar for natur, miljø og tradisjonell bruk som reindrift har òg auka blant folk – og i dei fleste politiske partia.

Nordland KrF vedtok på årsmøtet i august 2020 at vi ikkje ynskjer utbygging i reindriftsområder utan samtykke frå brukarane i reindrifta. Dette gjeld mellom anna vindkraftutbygging.

I spørsmålet om vindkraft i Øyfjellet i Vefsn låg det inne eit «baklengs» vilkår i konsesjonen om at ein skulle oppnå enighet mellom utbyggar og reindrifta. Alle ser at det vilkåret ikkje er oppfylt. OED sine krumspring med «avbøtande tiltak» er lite anna enn overkøyring av reindrifta på utbyggar sine vilkår. Framgangsmåten til utbyggar – med departementet si velsigning – ser ut til å vera å få fullført anlegget før det får si rettslege avgjerd. (I rettsrundane om «midlertidig forføyning» har retten ikkje teke stilling til lovligheten rundt anlegget, men kun konkludert med at utbyggar har større risiko for sitt prosjekt enn det reindrifta gjer ved at utbygginga fortset.)

Tidlegare har fylkestinget i Trøndelag vore tydeleg på at dei ikkje ønskjer meir utbygging av vindkraft. Dei har òg merka dette på nært hald. Utfordringa for lokal- og fylkeslag er å få brakt denne kunnskapen og erfaringa fram på nasjonalt nivå. For enkelt sagt er ikkje vindkrafta vi har sett her til lands grøn omstilling. Det er heller ei grå avvikling av natur og naturbruk og ein lettvint måte å unngå å ta tak i overforbruket som vi lever så alt for vel med. I arbeidet for ein ansvarleg ressursbruk treng vi alle gode krefter, lokale og landsdekkande organisasjonar og enkeltpersonar som kan arbeida mot sine politisk tillitsvalde lokalt og nasjonalt.

Resolusjonen som vart vedteken på Nordland KrF sitt årsmøte august 2020 er som følgjer:

«Nordland KrF vil skjerme reindriftsområder mot ytterligere utbygging.

Anleggelse av veier og industriområder medfører nedbygging av reindriftsområder. Likevel pågår det innskrenking av reindriftas områder. Særlig aktuelt er dette nå gjennom ønsker om og pågående utbygging av vindkraft. Reindrifta har allerede avstått betydelige areal, ikke minst til utbygging av vannkraft. Tidligere har dette i liten eller ingen grad vært problematisert. I den tid førte staten en fornorskningspolitikk der samisk kultur, samfunn og tradisjon var lite verdsatt. Det har man nå erkjent var en uriktig politikk og nå er det nødvendig å ta konsekevensene av det. Å fortsette en innskrenking av leveområder er å fortrenge en næring som også er den viktigste kulturbæreren i det samiske samfunn. FNs konvensjon om sivile og politiske rettigheter (§27) og ILO-konvensjon 169 omtaler minoriteres rett til å utøve sin kultur og utvikle sitt samfunn. Dette må være styrende i politisk arbeid. Eventuell bruksendring i samiske reindriftsområder må derfor skje etter ønske fra de samiske organer som reinbeitedistrikt og Sametinget.

Vi vil derfor at reindriftsområder skal utelukkes som aktuelle områder for utbygging.»