Berekraft er stort! Ikkje minst er konsekvensen av å arbeide, eller ikkje arbeide, med berekraft svært store.

Eit tydeleg utrykk for dette er Agenda 2030 og FNs Berekraftsmål: Ein felles plan for berekraftig utvikling fordelt på 17 hovudmål og 169 delmål. Berekraft er større enn at kommunen kan løyse utfordringa åleine. For å arbeide med berekraft på ein meiningsfull måte, er kommunen nøydd til å ha med seg alle kommunens innbyggjarar.

Korleis blir "berekraft" forstått?

Dei siste par åra har vi i Distriktssenteret utforska korleis berekraft blir forstått, og kva det betyr for norske distriktskommunar. Mange er på leit etter innhald til omgrepet berekraft. Spørsmålet om berekraft er også eit spørsmål om verdiar, og om kva slags liv vi kan leve eller tillata oss å leve. Det finst nemleg fleire forståingar av berekraft.

Brei og flat, eller smal og spiss?

Forskarane Groven og Aall (2020) syner til to ulike måtar å innrette korleis vi tolkar omgrepet berekraft. Den eine kallar dei «brei og flat», den andre «smal og spiss». Desse to kan forklara spenningar og paradoks i arbeidet med berekraftig utvikling.

I den breie og flate tolkinga handlar det om at ingen kan bli 100 % berekraftige, men alle kan prøve å gjere sitt for å leve meir berekraftig. Alle bekkar små blir til ei stor og berekraftig å. Folk lever stort sett som før, men dei kan til dømes halde seg til meir berekraftige produkt og vanar. Tenk papp i staden for plast, el-bil i staden for fossil, solceller på taket og liknande tiltak.

Den smale og spisse måten å forstå berekraft framstår som meir radikal. Der berekraft i den breie og flate forståinga framstår som noko for «folk flest», kan berekraft i den smale og spisse forståinga utfordra oss meir. Kampar må takast, grunnleggande levemåtar må endrast, forbruket må ned og nokon må skjere gjennom. Den smale og spisse måten å tenka berekraft på søker seg mot fleire kjende potensielle konfliktar, men dersom vi ikkje prioriterer det som faktisk er berekraftig, så vil alt gå i feil retning. Dersom vi ikkje endrar åtferd, og legg om vanane våre slik at vi held oss innafor det naturen toler, vel, då hjelper det ikkje kor mange solceller og bambusbestikk kommunen har kjøpt inn.

Dilemma og interessemotsetningar

For kommune kan det verke avskrekkande å gå for langt i retning av ei smal og spiss innretning av berekraftsarbeidet, i frykt for kva det kan koste av tapte mogelegheiter. Det kan til dømes innebere at ein må legge seg på ei streng linje med omsyn hyttebygging og ulike typar nyetableringar. Det er mogleg å sjå at visse typar hyttebygging medfører for store inngrep i natur, og at åtferda som er knytt til desse hyttene ikkje alltid er berekraftig. Men dersom ein set foten ned for dette, kan ein fort bli kritisert for å gi avkall på moglegheiter dei fleste kommunar gjerne vil ha: Bedriftsetablering, skatteinngang, «Remote work» osv.

Her ligg ei kime til konflikt og interessemotsetting. Å gi næringsinteresser «fritt leide» til store utbyggingar, kan framstå som lukka nettverk der få interesser dominerer. Samstundes kan fråflytting og mangel på kompetent arbeidskraft også bidra til å hemme arbeidet med berekraftig utvikling. Dette viser eksempel på dilemma kommunane står i.

Innbyggjarane ønskjer å bidra

Distriktskommunane har færre innbyggjarar, dei lokale ildsjelene er synlege, folk har mange rollar og møter kvarandre i ulike samanhengar slik at det er enklare å få stor del av innbyggjarane i tale. Det er eit godt utgangspunkt for samhandling og tillitsfull samskaping. I tillegg har distriktskommunar ein ekstra fordel i at mange innbyggarar ønskjer å bidra. I spørjeundersøkinga vår svarar 65% at dei vil gjere ein innsats rundt berekraft. Vel å merke når dei vert involvert og høyrt i sitt eige lokalsamfunn, og ser at bidraga betyr noko i ein større samanheng. Samstundes er det slik at mange er på leit etter korleis dei skal forstå «berekraft». Å utvikle felles kunnskap og forståing for kva berekraft er for noko, er ein kontinuerleg prosess som kommunane må legge vekt på.

Arbeidet med berekraft er langt frå over, og i mange tilfelle berre så vidt kome i gang. Også for distriktskommunane sin del vil det ikkje lenger vere mogleg å tenke seg at ein ikkje skal jobbe med berekraft. Spørsmålet er heller: Korleis skal distriktskommunane gripe an dette arbeidet? Breitt og flatt – med ulike tilpassingar av levemåten vi allereie har? Eller skal dei legga til grunn ei smal og spiss tilnærming, med til dømes ulike reguleringar som tvingar lokalsamfunnet i meir berekraftig retning?

Mange vil bidra, men mange lurar også på korleis. For kommunane vert det difor viktig å skapa ein god prosess – og god dialog – slik at dei lagar rom nettopp for dei som ønskjer å bidra i dette arbeidet. Slik kan kommunane i lag med innbyggjarane finne den beste innretninga av berekraftsarbeidet.

Roar Werner Vangsnes, Inga Marie Skavhaug og Ragnhild Godal, seniorrådgjevarar ved Distriktssenteret