Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Dette innlegget skal først og fremst handle om vindmøller. Men det begynner med Urdsdalen og Urdsdalselva kraftverk.
6. mai 2011 hadde HA eit oppslag om Urdsdalen og utbygginga av småkraftverket. Det hadde overskrifta "En rasert naturperle" og fokuserte på området ved fjorden. Oppslaget hadde sterk kritikk av lokalpolitikarane, som det vart sagt hadde forsømt ansvaret sitt.
Underteikna, som sidan 1960-talet hadde bruka dalen som turveg, følgde opp nokre dagar etter med artikkelen Urdsdalen – meir enn "bergan". Innleiinga gir uttrykk for skuffelse og frustrasjon. Framtida for Urdsdalen som turveg såg ikkje lys ut: "Eit forsøk i fjor enda medbråsnu og ei kjensle av aldri meir".
Framtida
Artikkelen har til slutt nokre ord om framtida: Korleis det vil sjå ut i Urdsdalen etter utbygginga av kraftverket, er ikkje godt å vite. Vi som har bruka dalen som utfartsområde, forsømte oss då planane vart lagt fram. No er det viktig at utbyggarane føler press på seg til å ordne opp etter seg – og ikkje berre nedpå ”bergan”, men også innover i dalen. Det må bli sjåande ut slik at ein også i framtida kan ta turar til Urdsdalen, og glede seg over vakker natur både ved sjøen og innover langs elva.
Korleis gjekk det?
Ein bråsnu i 2010 og ei kjensle av "aldri meir Urdsdalen" enda for meg med at det tok ti år før eg igjen "våga" meg inn i dalen. Så må eg vere ærleg å seie at eg vart positivt overraska over kor bra det såg ut. Utbyggarane hadde stelt så godt etter seg som ein vel kan forlange, og kanskje vart eg mest overraska over kor mykje naturen sjøl hadde hjelpt til med å fjerne spora etter anleggstrafikken. Og med tanke på eit anna aktuelt anleggsområde, er det viktig at det blir lagt til rette for at levande natur i etterkant kan få fotfeste.
For meg blir ikkje Urdsdalen heilt det den var. Ein turveg som endar ved ein dam, minner altfor mykje om inngrep i naturen. Men sommartrim-folk og andre som ikkje bruka vegen før utbygginga, tenker lite over slikt, og får seg ei fin oppleving i vakkert landskap.
Eit anna anleggsområde
Å samanlikne Øyfjellet Wind med Urdsdalselva Kraftverk blir meiningslaust. Dei aller fleste av oss har ikkje vore i utbyggingsområdet og veit heller ikkje korleis det ser ut. Men det skal ikkje stor fantasi til å forstå at naturinngrepa i Urdsdalen berre blir småting mot det som skjer i vindkraftområdet. Her har utbyggarane eit ansvar og ei utfordring som det har vore altfor lite snakka om.
Håp for framtida?
Ansvaret utbyggarane har for å stelle etter seg, er nedfelt i konsesjonsvilkåra. Men det er viktig nok at vertskommunen – og også avisa – følgjer opp og tar del i planane for det som i delar blir eit nytt utfartsområde. For folk flest er ikkje lange turar i einsemd og uberørt natur første valget. Tilrettelegging, som vegen til Marsøra, blir sett pris på. Men så får ein også respektere at turfolk som har bruka det området som vindkrafta har overtatt, aldri kan glømme det som er gått tapt.
Skepsis
Skepsisen mot vindkraftutbygging er stor hos mange. Og veldig stor hos dei fleste som har hatt innlegg i Helgelendingen. Dette kan nok vere ei hindring for å bruke dei mulegheitene som opnar seg. Berre synet av ei vindmølle kan vekke så sterke kjensler at ein aldri oppsøker eit turområde der ein så å seie må omgåast dei.
For oss som aksepterer at Øyfjellet Wind er kommen for å bli, er det også lettare å tole synet av vindmøller, ja, til og med sjå på dei som stilige "bygningar" eller konstruksjonar – la oss imponere over ingeniørkunst og teknikk.
Erfaringane våre er elles ulike. Før vindmølledebatten tok av i Norge, hadde eg fleire gåturar frå sentrum i København ut mot Den lille havfrue – og såg vindmøllene ute i havet.
Dei såg berre flotte ut. Men på ei reise frå nord til sør gjennom Tyskland vart det etter kvart så mange av dei at dei til slutt berre forsøpla landskapet. Om vindmøllene i vårt nærområde blir sett på som søppel, eit nødvendig onde eller tiltrengt energi, er det auga som ser, som avgjer.
Per Smørvik