Gå til sidens hovedinnhold

Har vi gløymt naturfagpensum? Må vi velja mellom bærekraftig eller klimavenleg matproduksjon?

Artikkelen er over 1 år gammel

Leserbrev Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Som bonde med kyr og sauar stiller eg meg stadig oftare desse spørsmåla når eg føljer utviklinga i miljø- og klimadebatten, der beitande og grasetande dyr vert gjort til syndebukkar for aukande utslepp av klimagassar til naturen. Dette er dyr som gjer at vi menneske kan nyttiggjera oss beite og gras som vi ikkje kan fordøya sjølve, og som har gjort det mogeleg for oss nordmenn å leva her vi bor.

Kyrne og sauene mine slepp ut klimagassar. Det er eg fullstendig klar over, for dei er på same måte som alt anna levande på jorda ein del av karbonkretsløpet. Karbonet som kjem ut av kua som metan og CO2 vart for nokre månader sidan teke opp frå lufta av grønt gras. Gjennom fotosyntesen vart CO2 og vatn omdanna til oksygen og sukker som graset vaks av, som drøvtyggarane igjen åt og omdanna til høgverdige næringskjelder for oss menneske. Og karbonet går tilbake til lufta frå dyr og menneskes anding, eller frå mikroorganismar si nedbryting av daudt plantemateriale.

Eg er ingen klimafornektar. Eg skjønar at når vi frigjer karbon som har vore lagra djupt i jorda i 100 millionar år så vert det stor ubalanse i kretsløpet. Graset, skogen og algane i havet klarer ikkje å ta opp alt det ekstra karbonet vi tilfører gjennom forbrenning av fossile energikjelder. Det er dette som fører til klimaproblem.

Men det er her dagens klimadebatt har spora av. For det vert ikkje mindre karbon i omløp om vi reduserer talet på drøvtyggarar! Omløpet går kanskje raskare gjennom kua enn om graset fekk veksa vilt før det vart brote ned av mikroorganismar. Men det er same mengda karbon som vert frigjort, og det karbonet kom frå lufta gjennom fotosyntesen. Det som hjelper er reduserte utslepp av fossilt karbon.

Landbruket har eit klimaansvar, og det skal vi ta. Vår næring er så avhengig av naturens prosessar at det er i vår største eigeninteresse ikkje å øydelegga balansen. Eg ønsker å ta mitt ansvar gjennom å nytta mindre innkjøpt og importert fôr, halda jord og grøfter i stand, ha friske dyr som utnyttar fôret godt, produsera både melk og kjøt på same kua, utnytta husdyrgjødsla på beste måte, og sjølvsagt redusera bruken av fossile energikjelder til maskiner og transport. Ein bærekraftig produksjon i mine auge.

Men i klimarekneskapen er det ingen av desse tiltaka som gir mine produkt lågare klimaavtrykk. Faktisk tvert om! For å produsera same mengde melk og kjøt med mindre importert fôr, så treng eg nokre fleire kyr. Det gir meir utslepp i rekneskapen. Og om eg treng meir grasareal heime for å erstatta soya produsert og transportert frå utlandet, så slår det òg negativt ut.

Så eg ber deg forbrukar, politikar, bonde og klimaforkjempar: Finn fram naturfagsboka frå ungdomsskolen, og frisk opp lærdommen om fotosyntesen og det korte og det lange karbonkretsløpet. Om vi alle gjer det FØR vi vedtek tiltak og endrar kosthald og forbruksmønster for å nå klimamåla,- ja då trur eg vi skal klara å finna riktig medisin.

Kommentarer til denne saken