Ferien er over: «- Skit au, tenkjer eg. Det var godt å kosa seg.»

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MeningerMåndag var dagen komen. Etter å ha køyrt to gonger og difor relativt kontinuerlig mellom Mosjøen, Sjoa, Hardanger og attende til Mosjøen og jamvel til helgelandssentra Sandnessjøen og Træna, stogga eg endeleg ein overoppheita bilmotor, i garasjen sist helg. Ferien var over. Snart attende til kvardags- og arbeidslivet.

Eg børsta asfaltstøv av skolten då eg steig ut av bilen. Årsaken til støvsamlinga var at klimakompressoren svikta før sommaren. Tre-fire tusen kilometer med opne bilvindauge i 30 varme sommargrader sytte for ekstra påfyll av øyresus, og vegstøv til langt attom drøvelen.

Verkstaden skulle nemleg ha 16.000 kroner for å skifta kompressoren. Eg innsåg jo straks at deler av ferien hang i en tynn tråd. Og spela difor ein slags russisk rulett på at vèret ikkje skulle bli såpass bra som det vart, og at eg då slapp å opna bilvindauga.

Vona slo feil og bra var jo det. Sola skein som bleike nordlandsleggar i 20 graders fjordvatn i Hardangerfjorden. Smilet kom ekstra kjapt på plass då eg braut opp drikkeholet på ein kald halvliterboks, sitjande i 36 grader varmt vatn i jacuzzien til mor mi medan eg åt supertidleg mogne hardangermoreller og spytta steinen rett i fjorden. Rein luksus, kallar eg slikt. Følte meg litt rik og naiv samstundes. Ferie for dei av oss som ikkje har råd til jacuzzi er jo litt sånn at ein lyt sjølv innbilla seg den rikdomen som ikkje finst. I tyding av at ferie ikkje minst er gleda over det berømte nuet, som det heiter på fint.

Men det langt meir konkrete feriebudsjettet lukta meir svidd enn svenske og greske skogbrannar, og trass i øyresus og det som truleg framleis er svarte asfaltlunger.

- Skit au, tenkjer eg. Det var godt å kosa seg.

I ein mental forstand heng avslappande ferieoppturar diverre som i ein gummistrikk, og uavhengig av om pengane er brukt opp eller ikkje brukt opp. Før eller seinare ryk strikken.

Rykket kom - eigentleg som venta - måndag morgon. Ikkje det at eg har det fælt på jobb, tvert i mot. Men etter fire veker med alt frå moreller til hoteller og øl, så vert eg i hovudet slik sirup er i sirupsboksen: Seig og tjuktflytande. Det går ikkje akkurat fort. Eg vil sei at eg ei stund var ubrukeleg.

På toppen av dette krov systema på jobb nye passord.

(- Support!!!!!)

Meir skal det ikkje til nokre gonger før ei fjør vert til fem høns.

Alt gjekk fort betre. Berre nokre timar ut i den fyrste arbeidsdagen måtte eg minna meg sjølv på at eg hadde vore på ferie i fire veker.

Det er jo litt underfundig; det eg gjer kvar dag år ut og år inn vert i praksis til noko altoppslukande. Det definerar tilvèret mitt og livskjensla mi, på eit vis. Umerkeleg glir eg difor inn att på vegane eg har køyrt så mange gonger før, også når ferien er over. Det er noko trygt og godt og straumlineforma med det å jobba.

Og sjølv om botnlina på kontoen er marginal og hovudet framleis bèr preg av feriesløvsinn, så er det godt å jobba.

Eg kan tenkja på både kollegaer og de andre som no fartar rundt og kosar dykk med øl og bading og turar til fjelltoppar. Og det er vanskeleg å nekta for at jau; eg vil attende til det livet og, og det helst NO!

Men aller mest så har livet igjen gått over til å bli kvardagar og evna til å gleda seg over ei grillpølse (dårleg eksempel, for grillpølser er verkeleg ikkje så godt) eller den stille stunda på verandaen. Ikkje minst så lyt ein mest i kvardagane oversjå dei tinga som er trasige og som framleis lyt vente.

Klimakompressorar, til dømes.

Artikkeltags