Vin = meir sex = nytt sjukehus?

DEL

 

God helgDet slår truleg ikkje ned som ei bombe at nettopp Helsedirektoratet ber departementet vurdera eit nei til pappvin.

Det slår heller ikkje ned som ei bombe at dette ikkje kjem til å skje. Pappvin på treliterdunkar gjev folk flest høve til å drikka meir jevnt over tid, i staden for å bryta seg på ei 0,75-litersflaske og difor havne på fylla. Pappvin har vore svært populært over mange år. Folk likar å drikka mykje vin, men helst utan å bli fulle.

Argumentasjonen til dei som syter for helsa vår kan altså kortast ned til ordet «volum»: Logikken er at tilgang til større volum vin gjer det lettare å ta eit glass eller tre, framfor å opna ei heil flaske og difor enten øydeleggja vin som lyt stå, eller hjerneceller som forgår som ein fylgje av 0,75 liter vin i magen.

Det er eit faktum at alkohol er eit stort helse - og samfunnsproblem. Truleg er problemet kraftig underkommunisert også. For kva tenkjer du når du høyrer navnet «Amy Winehouse»? Hjå meg lyser songtittelen «Rehab» opp. Rehab mot narkotika. Eg tenkjer ikkje automatisk at det er mitt og ditt sitt lovlege rusmiddel alkohol som herja også med den unge kvinna med det særs treffande etternavnet. Fakta er likevel at det var alkoholforgifting som knekte den berre 27 år gamle songaren i 2011. Ho døydde fordi blodet hennar inneheldt over fire promille alkohol. Denne einsame dødsskjebna vil nok ramme mange som eg til vanleg trur er edru i dagleglivet.

So - be aware, som det heiter på norsk. Helsedirektoratet har eit godt poeng. Tilgang til høge volum vin gjer at folk drikk meir. Men direktoratet lyfter indirekte eit mykje større perspektiv: Mange ting er usunne og difor samfunnsskadelege. Ta sukker, for eksempel. Og feitt. Og skilauparar i slalombakkar. Og mus med musepest i vedstablar. Og - Gud forby - sex. Mykje sex er jo i seg sjølv sunt. Men sex med mange er slik eg forstår det frå fleire kjelder (legar, moralistar og enkelte kristne sursokkar, red.anm.) tilnærma livsfarleg.

Då kan store (papp)pakkar kondomar vera løysinga. Så til dette punktet om samleier og prevensjon så kan ein ikkje overføra volumargumentet til Helsedirektoratet. Ti kondomar vert truleg puslete for kvinner og menn som ofte ligg rundt.

Men sukker, til dømes, bør seljast i kun små pakningar. Lite sukker = lite inntak og meir sunne folk. Små smørpakkar = færre tette blodårer. Færre skilauparar = færre kollisjonar i skibakkar. Færre vedstablar = færre tilfeller med musepest. Men meir vin = meir sex utan kondom. Og då kan me brått sei at meir vin kan gje vefsnsamfunnet fleire innbyggjarar.

Byen kan verta storebror.

Og brått tippa denne utgytinga over til å verta ein sykehusdebatt. Slikt skjer når ein drikk mykje pappvin.

Artikkeltags