«Bollar var i mine auge nøye kalkulert treningskost, fordi eg samstundes hadde byrja løfta jern»

DEL

God HelgFor nokre veker sidan vog eg meg. Av hensyn til den billege, skrale vekta gjekk eg fyrst på do. Eg kledde dessutan av meg alt, med unntak av boxeren. Sanninga lyste med illraud skrift mot meg frå displayet på vekta.

Dagen etter ba eg to snille kollegaer gissa slaktevekta. Begge skaut skivebom. Forslaget eg likte best låg 12 kilo under. Det andre låg ti kilo under. Eg vart litt glad, for den eigentlege sanninga er at eg ikkje er overraska over kva eg faktisk veg. Vekta konstaterte det eg har observert på kroppen min over mange år. Det heile byrja med ein lang periode kor eg åt tre svære skillingsbollar i matpausane då eg jobba i Oslo for 20 år sidan. Sidan bolla det på seg.

Bollar var i mine auge nøye kalkulert treningskost, fordi eg samstundes hadde byrja løfta jern på Sats treningsstudio og hadde høyrt av helseguruar at karbohydrat er livsviktig karkost for folk som likar å bli raude i trynet. Eg ser i ei kanskje meir klok ettertid at skillingsbollar rett og slett er godt, og berre det.

Dei har ein sideeffekt i form av fleire kilo sideflesk, også kalla dansehandtak. Synd er det då at eg ikkje dansar. Verre vert det av at innsatsen i jernløftinga har variert sterkt frå år til år, frå veke til veke og frå kilo til kilo. Det heile vert ikkje betre av øl og snop. Dette er næringsmiddel eg talfestar i kilo per veke.

Men til alt hell har eg alltid likt å gå i fjellet. Ikkje berre for å nyta stillheit og vakker natur. Sveittinga har berga meg frå å bli feit. Det hjelper dessutan på sjølvbiletet å lyga for meg sjølv. Då eg var 18 år vog eg nemleg 69 kilo. Det er ikkje så mykje med tanke på at eg måler 1,83 på sokkelesten. «Fuglebrøst og englevinger», som eit dikt seier.

Eg likar å dedikera vektauken til innsatsen min på studio. Musklar veg som kjent meir enn feitt. Og litt av denne livsløgna stemmer. Litt kan jo tilskrivast triceps og biceps og alt det der. Men eg kjente at det mest var som ein feittklump som flira mot meg i displayet framfor tåspissane på vekta. Hugsar eg tenkte at eg veg like mykje som ein liten hjort. Hadde eg vore ein hjort så hadde eg truleg vorte skoten for lenge sidan.

Så - kva skal eg gjera? Eg er jo ikkje feit. Inga krise, det må eg sei. Men eg har ein bilring. Eg har ein alder som talar for at bilringen kan trivast og veksa i all framtid. Eg likar jo framleis bollar. Eg likar godteri. Eg likar øl. Løysinga mi er å utvikla fleire karboløgner. Eg kan ta fylgjande døme: Ein sommarkveld i sommar droppa eg bilen, pakka øl i sekken, sykla til Øya og beina oppover trappa. Eg fann ein fredeleg plass nord for varden, opna grådig ein ølboks og glugga fort ned, tyrst som eg var etter dryge klyv.

Snart var stemninga nasjonalromantisk, men eg tenkte likevel at det var lurt med litt vatn. Samstundes la eg merke til at ølet var av sorten «lavkarbo». Svaret gav seg sjølv - det er jo så lite karbo i berre ei lavkarboøl. Eg spretta ein boks til.


Artikkeltags