«Søppelet vårt har med andre ord jamvel funne vegen bort frå verda vår. Søppel tyt nærast ut frå atmosfæren»

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

God helg 

Søppel har vorte populært den siste tida. Media bugnar over av artiklar om fisk med mikroplasbitar i kjøtet, daud og stranda kval med plastsøppelberg i buken og døyande, fattige born med skit i fjeset som grev i plast og anna møk på søppelfyllingar under fjerne himmelstrok.

Begrepet «attvinning» får eit nytt meiningsinnhald når aviser og tv-kanalar fråtsar i slike bilete. Det er jo bra at søppel kjem dei små foreldrelause til gode.

Sjølv har eg ei syndig fortid.

Eg hugsar med gru veka eg hadde på den kombinerte trålaren og snurparen «Gerda Marie» (vart berre ei veke i staden for to veker, fordi eg vart sjøsjuk). Dette var i Nordsjøen hausten 1989, berre to år etter at Brundtlandkommisjonen offentlegjorde rapporten «Vår felles framtid». Her vart begrepet «bærekraftig utvikling» sett på gullstol.

Begrepet har sidan levd vidare. Men begrepet har truleg ikkje gjort noko frå eller til, når me framleis ser fjella med søppel som tyt ut frå der tangkrabben ynglar og som jamvel svirrar som livsfarleg prosjektil i bane rundt jorda.

Det som truleg stoggar ei bemanna romferd til planeten Mars er nemleg ikkje den ufattelege avstanden på 54 millionar kilometer.

Men snarare eit søppelbelte kring kloden vår som inneheld kanskje så mykje som 170 millionar bitar av diverse svineri etter 60 år med romfartshistorie.

Det skal ikkje mykje fantasi til for å skjøna kva til dømes ein liten plastbit med ein fart på 30.000 kilometer i timen kan gjera med til dømes eit solcellepanel eller ei romdrakt.

Søppelet vårt har med andre ord jamvel funne vegen bort frå verda vår. Søppel tyt nærast ut frå atmosfæren.

Det er makelaust å tenkja på at mennesket ikkje fornektar seg, jamvel i vakum.

Avgjernadene og tenkjemåten som ligg bak alt søppelet som flyt både på jorda og i verdsrommet talar me reelt sett mindre og mindre om.

Då er det betre å halda festtalar om Gro Harlem Brundtland sin viktige bodskap: Utviklinga skal vere berekraftig. Jau då, alla klappar. Politisk korrekt lyt me vera. I ettertid har utviklinga gått sin gang. Hylekoret er stogga og dei økonomiske straumlineforma gribbane har vunne.

To år etter rapporten kom sto eg under digre davitar som fiska inn den 90 meter djupe og 1,6 kilometer lange snurpenota som sopa inn 90 tonn plastmakrell frå Nordsjøen slik at eg og andre kan nyta mikroplast i tomat frå metallboksar som måker og kråker på Åremma til slutt pikkar hol i og slepper ned til kyr som står på åkeren og gumlar og nektar å spytta.

Nok om kyr; dei gjev oss godt med jarnrik mjølk i retur. Bra for O2-opptaket.

Under davitane og medan brennmaneter og feilfiska fisk ramla i hovudet mitt frå nota som vart dregen inn nokre meter over den skrekkslagne landkrabben med kvalm mage, tenkte eg på kva kokken på Gerda Marie heldt på med. For ikkje berre laga han god mat til dei av oss som ikkje var grøne i trynet.

Han samla dessutan iherdig på det som i all hovudsak var plastemballasje frå matproduksjonen, i svarte plastsøppelsekkar.

Dei stod oppstilt ved ei dør til byssa.

«Hiv dei», sa han ein dag til den naive, unge med brennmanetar i håret.

«Hæ?», svara eg, sjølv om det var tydeleg kva han sa.

«Ja, hiv dei», gjentok han og veiva ein arm ut i lufta og i retning av havet, som for å visa at søppelet skulle bli usynleg.

Bylgjene var fire til fem meter høge, hugsar eg. Det tok berre nokre minutt før dei svarte sekkane var umogleg å sjå. I staden såg eg lyset frå fleire oljeplattformar som lyste opp i det grå haustvèret.

Det var styggvakkert og eg var kvalm.

Artikkeltags