Leksene som lærarar ikkje har rom for

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Skuleungar har lekser. Leksene hjelper ungane til å repetera lærestoffet lærarane tek opp i skuletimane. Ved å gjera lekser lærer ungane faget betre enn om dei ikkje hadde hatt lekser. Lekser har dessutan alltid vore ein del av skulesystemet. Eg trur ikkje at dette er ein grunnlaus tradisjon.

Annakvar veke får dei små med seg eit ark som fortel om målet for to veker, og sjølvsagt om oppgåver som skal gjerast. På arket skal foreldra kryssa av etter kvart som leksene vert utført.

Det gjer foreldre og ungar for å vera sikre på at læraren ser at oppgåvene er gjort under oppsyn frå foreldra. Om oppgåvene er korrekt utført er ein annan sak. Det lyt læraren sjekka opp i.

Dette trudde eg i alle fall, i lang tid. Eg har vore sikker på at det er dei som deler ut lekser som òg skal kontrollera at leksene dei deler ut, er gjort og ikkje minst korleis dei er gjort. Dette er logisk, tykkjer eg. Eg lyt nok innrømma at eg truleg har vore naiv. I eit foreldremøte her om dagen fekk eg nemleg bekrefta at det er slik at det er me foreldre som skal sjå til at alle leksene er gjort. Dette visste eg heldigvis frå før. Den nye for meg var at lærarane ikkje lenger kontrollerar leksene. Null og niks i margen! Ikkje eit smilefjes å sjå. Ikkje ein einaste flekk frå ein raudpenn. Ikkje ein «R» eller «V». Berre tala, bokstavane og orda frå ungen, men uimotsagt, tomt, som i vakuum. I lause lufta. Kva er vitsen?

Som forelder er det eit sterkt ynskje frå meg at kvar einskild unge får vita kva læraren synest om dei konkrete heimeoppgåvene. Noko anna er rett og slett merkeleg. Ungar bør jo motiverast til lekseinnsats. I motsatt fall vil respekten for både lærarar og det faglege forvitra. Dette er min viktigaste påstand.

Lærarane er dedikert til å læra bort. Dei har lang utdanning. Dei er kunnskapsrike – om mykje. Dei bør vera kloke. Dei skal dessutan forstå mykje om psykologien som legg fundamentet for god (og dårleg) læring. Dei bør vita kvar elevane står fagleg og sosialt. Dei er sjefane og autoritetane til elevane på skulen. Læraryrket er difor eit svært viktig og respektert yrke. Eg vil sei at yrket er eit av dei viktigaste yrka. Lærarane har som oss andre mykje stress i arbeidskvardagen sin, og ikkje minst eit stort menneskeleg ansvar for det aller viktigaste og kjæraste me folk har med oss i liva våre – ungane våre.

Eg tykkjer difor at lærarane fortener å ha moglegheit til å ha lenger ferie enn oss andre, berre dei dokumenterer antal timar dei har til gode for ekstra ferie (som formelt heiter «avspasering»). Dei bør som alle andre jobba minimum 1.800 timar kvart år før avspaseringstimane startar. Med tanke på dette bør det vera rom for å krevja at lærarane sit fleire ettermiddagar og kveldar kvar veke for å sjå over leksene til ungane, og for å gjera andre læraroppgåver. Men sit dei over? Eg veit ikkje. Alle lærarar seier at dei jobbar mykje. Men når? Til kva tidspunkt? Kor mange timar den og den kvelden? I debattar framstår dette ofte som eit udokumentert og diffust argument. Eg trur det finst motiv som lærarane ikkje likar å prata høgt om. Eg meiner at det skal jobbast mykje dokumentert overtid for å ha ein rett til å ta ut fem-seks veker ekstra ferie (jul,- vinter,- påske,- og sommarferie).

Den faglege kontrollinstansen av leksene er no overlate til – vel og merke i mitt tilfelle – eit takras av eit hovud som trur at algebra er bra for alger og at subtraksjon er T-bane i revers.

Eg har samstundes vanskeleg for å tru at det er lærarane åleine som har byrja nekta å retta lekser. Årsaksforklaringa ligg truleg i eit landskap mellom lærarane, kvardagspress, skuleleiinga, nye reglar og oppgåver, stadig nye prøveregime og læreplanar.

Eg ynskjer sterkt at lærarane igjen kan byrja å retta lekser. Dei lyt og skriva ned kvar einaste time kveldsarbeid. Slik at me ikkje treng å tvila på matematikken.

Artikkeltags