«Rovdyra et bygdefolk, og helst bygdeungar som går i einsemd heim frå skulen medan dei ser på mobiltelefonen»

DEL

God HelgSkjeggkre er på moten. Den siste som har kasta seg på bølgja er Hattfjelldal oppvekstsenter. Oppvekstsjef Fred R. Johansen poengterar at dyra er ekle, men ikkje farlege. Han seier at vissheita om at dyra finst er årsaka til eit psykisk ubehag.

Ubehaget er ikkje ulikt kjensla av å vite at bjørn, jerv, ulv og gaupe ruslar rundt i skogen. Folk ser dei ikkje. Men dei er der. Og dei let seg freista ikkje av papp og papir, slik skjeggkrea gjer, men av sau og rein. Og av menneske som ikkje bur i hovudstaden. Rovdyra et bygdefolk, og helst bygdeungar som går i einsemd heim frå skulen medan dei ser på mobiltelefonen og i nokre augneblinkar tenkjer over at læraren har sagt at han eller ho er sauebonde på fritida og at sau lyt ha radiobjøller på medan han eller ho jaktar gaupa som tok eit lam som sto mellom gaupa og det anonyme men offentlege jaktlaget.

Bygdefolk som bur i til dømes Hattfjelldal eller i Grane veit at dei som bur i hovudstaden ikkje veit kva det vil sei å bu i bygdenoreg og vera truga av rovdyr og sau som skular på kvarandre og på ordførarar som prøver å mekla når me som jobber i avisa skal skriva om kven som skyt bjørnen og om kvifor fylkesmannen ikkje har skrive ut fellingsløyve. På bjørn, altså. Og gaupe. Og jerv. Og ulv.

Men skjeggkrea får leva. Dei er så godt som freda. Og ikkje nok med det; dei er freda på naturen sine premissar: Me fôrar dei ikkje unaudsynt med mat. Slik som papp.

Me gjev dei likevel nok mat til at dei får nok avkom som veks opp og som trugar oss med psykologisk ubehag. Psykologisk ubehag er noko som folk flest ikkje likar å kjenna på, kanskje med unntak av når folk ser skrekkfilmar om til dømes varulvar eller andre mytologiske skapningar som minnar oss om vanlege ulvar.

FORDI SKJEGGKREA ikkje er heilt freda, men berre nesten, så kastar folk som er ansvarfulle, pappen i den oransje plastposen og let i staden dei på Shmil syta for at skjeggkrea har i alle fall eit hovudbôl i regionen og at dei elles berre har små armear i husa til folk flest og som truleg bit seg fast i papirrestar som sit att på dorullar, og i emballasje i postpakkar med fisk og appar og marihuana og kakerlakkar og anna naudsynt som folk ordrar frå Kina.

Personleg likar eg sau. Og rein. Og ulv. Og bjørn. Og jerv. Og ikkje minst gaupe. Og bygdefolk.

EG LIKAR ikkje skjeggkre. Dei kan eg skyta ned for fote, eventuelt trakka på med foten. Og gjerne som medlem av eit jaktlag. Det treng ikkje vera eit anonymt jaktlag heller.

Men det er eit anna dyr som bur i hus og som sørgjer for mykje psykologisk ubehag, dagleg.

Dyret heiter hybelkanin.

Artikkeltags