«Herren den Høie ser deg og skal gje deg fred. Gud vere med deg, Waage»

DEL

God helgDet var i dei dagar då profeten Waage gjekk rundt julegrana i Rana. Han var uroleg. Han tykte litt synd på utkantkommunen sin. Han trøysta seg med at det var godt at Rana er hovudstaden i galaksen og at han har fast tilsette i kyrkjelydsbladet som merkeleg nok, tenkte han, framleis mange trudde var ei avis.

Då han gjekk der rundt granbusken strøymde brått kraftig ljos over han, akkurat som om sjelene til Elvis, Ghandi, Gandalf eller Hulda Gunnlaugsdottir bevinga han med vitjing. Men tilveret til Waage ved grana vart endå betre av at det var sjølvaste Lars Vorland som steig ut av lyshavet. Vorland - som etter forslag frå Waage og konfirmert av kommunestyret var omdøypt til «yppersteprest i Rana» – la handa si på issa til Waage medan han vifta med styrepapir framom andletet til profeten på Mo. Vorland sa: «Gud vere med deg, Waage. Tvil ikkje, o du store profet. Herren den Høie ser deg og skal gje deg fred. Eg har fått så mykje godt frå deg og dine. Og trass i at det er ein sprut sprø påstand så skal eg halda fast på at to bygg er det same som eit bygg, vel og merke berre når det eine er større enn det andre og ligg i Rana. Du har vore god, min son». Slik lyder Herrens ord i Rana.

Hadde juleevangeliet vorte skrive i Rana 17. desember 2019 så ville det ha byrja omlag slik. Det litt pussige er at Waage same dagen faktisk skreiv om ikkje akkurat eit evangelium, så i alle fall eit forsonande brev. I lesarbrevet tala profeten med gode ord om håp og forsoning og om ei tid då splittelse ser ut til å vera rettesnora på Helgeland. Han la i same andedrag handa si på Vorland si «tosykehuserdetsamesomeitsykeus»- innstilling. Og han lyste gode formaningar om fred i regionen.

Waage sin profeti fall som ein soldat i kuleregn frå maskingevær då styret i Helse Nord onsdag small til med at det største sykehuset skal byggjast midt på Helgeland.

Profeten gjekk straks ut til folket og tala i Rana Blad og sa at Herren ikkje kan godta at det største sykehuset skal liggja i Sandnessjøen, som nærast må vera for helvete å rekna, og i alle fall for administrasjonsfolk og for politikarar og profetar som jevnleg gjer porten vid på sykehuset på Mo.

Djevelkappa vart slengd over skuldra. Profeten for som ein iskald vind ut døra, truleg på veg i eit propellfly til Oslo frå den vidgjetne flyplassen Røsvoll.

Slik gjekk det med dei fredelege formaningane profeten kom med dagen før.

Verre står det til i Mosjøen, der uskuldige undersåttar i kvite klede nok ein gong berre lyt bretta opp ermer og i beste fall kan vona på englehjelp.

Fred vere med dykk og god jol!

Artikkeltags