Glidegledestråd meg her og der

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Med fare for å banna i den politiske korrekte kyrkja som rår lokalsamfunna no om dagen: Zipline, Via Ferrata og sherpatrapp er artige, spanande og truleg også motiverande for folk flest. Dei har samstundes eit fellestrekk: Dei er alle motar. Dei blafrar i ein viss grad i ein sjølvforherligande lokalkultur. Det poppar nemleg opp den eine trappa etter den andre. Turistar som kjem sørfrå kan sikkert klatra og glida på wirar og gå i trepper fleire gonger på vegen frå Oslo og opp hit. Og då har dei kanskje fått nok glidefart?

Men førebels kan lokalsamfunna i alle høve klappa seg på skuldra og bretta ut brosjyrar med bilete av blide nepalesarar som har bygd trappetrinn, eller av folk som dinglar med beina over elva og smiler i full glidefart på ein metalltråd frå Storfjellet og ned til ein kald halvliter på hotellet. I vesle Mosjøen.

Alt dette er heilt supert, det må eg seia, sjølv om eg sjølv truleg ikkje torer å nytta den planlagde ziplina i Storfjellet, eller Via Ferrataen i Øyfjellet. Til det er eg alt for glad i berre det å drikka øl, utan at eg treng å vera høg på adrenalin på førehand. Øl går dessutan aldri av moten.

Problemet - og nokre gonger også gleda - med motar er at dei ofte går over. Dei sloknar. Dei døyr. Attende sit eit folk i sjokk og vantru og lurar på kva som hende. Den steinvaska buksa frå 80-talet, til dømes. Den såg brått ut som ein utbrukt malardress, full av flekkar. Vekk med ho! Og vass-senga frå same tiår vart til slutt ein våt fiasko, med straumbrende lik i kjølvatnet.

Og kva i heitaste var «kabaret» godt for? Kvar, når og kvifor forsvann denne grønnsaks- og rekesmørja? Har matretten kabaret forresten noko med ubåtar i andre verdskrig å gjera, sidan kabareten inneheldt «aspik», som til forveksling liknar ordet «asdic» - som kom før sonaren? Eg vonar ikkje det. Men på 80-talet vann foreldregenerasjonen min sosial status av å servera aspik, reker og gulrøter medan dei prata om siste krøllete kvinnehårmote og mokkasinar og kvite sokkar. 

Jamvel den ypperste ubåtsjefen Hitler var opptatt av motar. Han fekk eit heilt folk til å blinda att augo og lyfta høgrearmen som ein hån mot menneskeheita. Også den moten gjekk av moten. Til alt hell.

I nyare tid ser me at bruk av einskilde nye ord er sterkt moteprega og beint fram stygt. Ta til dømes det motbydelige ordet «lokasjon». Kven i helsike for ein dustete ordmoteskapar fann ut at det opprinneleg engelske ordet «lokalitet» skulle bytast ut? Og kvifor brukar no nær sagt alle offentlege etatar og andre talerøyr dette forferdelege ikkje- ordet? For ikkje å snakke om det pinsame fjesbokbegrepet som har forsura språket i Noreg i fleire år: «Det gledes». «Det gledes»???!!! Kva var galt med å setja seg på hytteverandaen og skriva at det er du - eit menneske - som gledar deg på ein ekte og kjenslevar måte over utsikta, eller over raudvinen i glaset som du har tatt bilete av og oppdatert statusen din med. Er du eit «det»? Eller er du ein person? Og kvar kjem s-en i frå? «Det gledes»? Eg gledar meg - not.

Uansett. Det gledes no over glidetrådar, jernwirar og sherpatrapper i heile Noreg. Kanskje ein dag finn folk flest ut at adrenalin og høg puls ikkje er like artig som før, og at det er greit nok berre det gåes til fjells.

Det gjenstår difor å sjå om det grines dersom alle lokalsamfunn finn ut at folk druknes i hundrevis av liknande tilbod rundt om kring i kommunane i dette lange gledeslandet me bur i.

Men trappa - den vil stå att. Det har Vetti sagt.

Artikkeltags