«Tida er komen for å sleppa laus meir av kontrollen»

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

God helg

I haust og i vinter går ting ikkje heilt på skinner i sjelslivet mitt, av ulike årsaker.

Noko er betre no, mens noko lyt jobbast med, truleg i ei stund til.

Og nei, eg er ikkje sjuk, og eg er ikke psykisk sjuk. Eg er heilt normal, og eg har det jevnt over bra. Men det har ikkje vore berre bra å vera meg den siste tida.

Det å skriva dette til de som les dette, vil eg tru at nokre av dykk tykkjer er merkeleg. Andre tykkjer kanskje det er litt sterkt og tøft.

Eg sjølv tykkjer det er sterkt og tøft. Eg er einig med det som gode Per Fugelli sa: Gje litt meir faen. Vær ærleg. Spel ikkje rolla ut. Spel livet ut, slik livet er. Staffasje er ei naudløysing og glansbileta på fjesboka er falske.

Når meir vonde følelsar i livet spelar opp til dans i nokre timar eller i nokre dagar så veit eg at ting i dei fleste høve vert betre. Ting går over. Følelsar som er dårlege vert med tida - om ein time - om ein dag - om ei veke - betre.

Tida leger alle sår, heiter det jo i ordtaket.

Det stemmer diverre ikkje. Ordtaket er difor eit dårleg ordtak.

Det er meir presist å sei at tida dekker over ein del sår.

Så kan ein halde fram med å lata som om såra ikkje er der. Eller ikkje halde fram med det.

No er ikkje mine sår frykteleg djupe. Dei er ikkje større enn dei såra du har med deg i ditt liv. Me har alle sår. Men det er lett å dytta dei ut av den trygge kvardagskjensla som eg kallar «kontroll». Nokre gonger omtalar eg jamvel kvardagskjensla for «huletilveret». Dette hulelivet er utlevd, livsgammalt og nokre gonger så finjustert at eg trur det definerer korleis det er å vera menneske. Eller rettare sagt; korleis det er å vera meg. Kven eg er, rett og slett.

Å leva i ei hule er smalt, forutsigbart, til tider dunkelt og temmeleg problemfritt.

Då er det sjølvsagt lett å halde fram med å ha kontroll.

Det ynskjer eg ikkje. Tida er komen for å sleppa laus meir av kontrollen.

Eg seier «meir av» kontrollen fordi eg veit at det er naivt å tru at det er mogleg etter kanskje 45 år med kontroll å sleppa alle hestane laus.

Men heller litt og litt, og samstundes ikkje tru at absolutt alle hestane vil springa - nokon gong. For det vil dei ikkje.

Då er det meir klokt med eit mønsterbrudd her og eit mønsterbrudd der. Noko smått. Noko nytt. Ein ny tanke, kanskje. Eit anna tidspunkt å trena på. Ein ny akkord på gitaren. Eit nytt pålegg på brødskiva. Eit nytt menneske å tora vera ærleg til. Ei ny jakke. Eit smil til eit nytt menneske. Eller eit smil til eit menneske som ikkje er nytt, men som eg ikkje har smila til før. Eit initiativ til ei dame. Eit spontant besøk hjå ein kompis. Eit anna ordval når eg skriv nyhendeartiklar. Eit anna gir på bilen når eg kjører på E6 forbi Baustein (brukte alltid 5. gir før; no freistar eg skjebnen i både 6. og i 4. gir). Å gidda å leggja merke til at sola stig på himmelen. Å kjøpa matvarer på Coop Xtra framfor på Rema 1000. Ein gin tonic framfor den vanlege halvliteren. Å sei «eg» framfor å tala som med ein tredjeperson. Å be om orsaking der eg tidlegare valde den enklaste utvegen. Å læra meg å hoppa bukk over noko negativt smått som eg ikkje får gjort noko med. Å late vera å grava hovudet ned i drit. Å væra ærleg men samstundes behalda sjølvrespekten.

Eg kan halde fram i det uendelege. Men du har truleg skjønt poenget: Ingenting kjem gratis i livet. Heller ikke det å forstå kva slags kjensler eg har, og heller ikkje det å endra livskursen.

Livet går opp. Og livet går ned. Eg har levd eit liv der alt gjekk sånn høveleg rett fram, til tider i høgt tempo. Fram til i haust.

Men ikkje no meir. Til det er livet for kort.

Send inn tekst og bilder «

Vi vil gjerne høre om smått og stort som foregår i distriktet. Hjelp oss å være overalt!

Artikkeltags