Fri 11. september og meir til

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Eg takkar den kristne kulturarva, arbeidarrørsla og fridomskampen generelt i Noreg for dei fleste av fridagane me har utanom i ferien. Slik er det. Hadde det ikkje vore for ein framsynt Jesus som tok på seg all skuld og alle skuldmenn, så ville ikkje eg ha late meg ut i freistinga i så mange høve her i livet. I jula, til dømes, freistar fridagane til enorme inntak av både god mat og noko sterkt i glaset. Eg takkar historia om Gud for det. Om det er ei synd å kvelva i seg kroppsleg forfall, så har ikkje Jesus sin fødsel gjort noko frå eller til for min del. Men eg takkar og bukkar audmjukt.

Påska - kva så med den? Eg seier: Tilgjeving. I jula gjekk det skeis, men nokre månader seinare tilbyd Jesus ei utstrakt hand som igjen dreg mange inn i ei fridagsverd med fest, lått og moro. Fire raude vakumdagar til ære for Jesus på krossen opnar augo på nokon og einkvar, og særleg ein påskemorgon i bakfylla. Då er det godt å sløkkja sorga.

Så kjem resten av den herlege våren.

Då fell eg meir og mindre av det bibelske lasset, sjølv om eg veit at Kristi Himmelfartsdag kommande torsdag skal minna oss at Jesus farta til himmels, kring 39 dagar etter at han stod opp frå dei døde.

Pinsa byd på nok ein fridag, tidleg i juni. Eg anar ikkje kvifor me har fri andre pinsedag, men eg vert heit i trøya berre av å sjå raudfargen i kalendaren.

I mai har me dessutan arbeidarane sin dag 1. mai, og ikkje minst grunnlovsfeiringa 17. mai, som nokre av lesarane truleg hugsar.

Alt dette er jo berre vel og bra. Me et, festar og går jamvel på ski i fjellet og prisar oss lukkelege over både bibel og krig og fred og sånn. Personleg skulle eg forresten ha ynskt at også 8. mai vart ein fridag. Då hadde eg teke ein kraftig skål til ære gutta på skauen.

Dette er jo greit. Problema byrjar når me ser i kalendaren framover, etter at den bibelske fridomsrusen har gått ut 2. pinsedag.

Kva i heitaste skal ein sjå fram til? Ja, for all del, dei fleste har lovfesta ferie på sommaren. Den er naudsynt og avgjer om eg orkar å lyfta ein einaste finger resten av året. Men kva med hausten? Ikkje ein raud dag å sjå før 1. juledag, i den mørkaste avkroken som finst i eit verdsleg omlaup kring sola.

Dette lyt regjeringa gripa tak i. Motiva for arbeid fell som dugg for sola når fargen på kalendardagar avheng av om ein har små ungar med raude tusjar.

Eg vonar Frp og Høgre, med støtte av Krf og Venstre, ser kva me kvardagsfolk må tola. Eg etterlyser tiltak.

Kva slags tiltak kan det vera, tenkjer kanskje du? Jau, tiltak som monnar, sjølvsagt: Fleire raude dagar. Gjerne eit par dagar kring tida då ungane har haustferie. Gjerne eit par dagar som høver med bursdagen min i november. Og gjerne eit par dagar når skulen har planleggjingsdagar og ungane har fri.

Og ikkje minst ei veke raudt når haustfargane er som raudast. For å feire at rypejakta har byrja.

Problemet for regjeringa er sjølvsagt det å finna argumentasjon som er tung nok. Bibelargumenta er jo brukt opp. Regjeringa lyt difor sjå etter alternative moglegheiter. Me treng rett og slett nye, tunge religiøse retningar å henta skyts frå. Og utan å måtte stå til rette for det, er nok den mest vektige religiøse retninga her på Helgeland sammenfatta i ein ny raud dag som me kan kalla «Hauansdag», alternativt supplert med «Tosykehusmodelldagen».

Ein anna og endå meir akseptert bodskap er nok «Prins Henriks dag», ein av-art av Hauanreligionen som allereie er spreidd sørover til daglegtale i Vefsn.

Men fyrst og fremst så tenkjer eg på «prosessdagen». Då skal folket ha fri og feira og minnast alle offentlege debattar om lufthavnstrukturen som ikkje toler dagsljos. Då skal me minnast alle dei som ikkje hadde ei meining eller som ikkje torde sei at dei var reflekterte menneske og som difor skulda på at dei var midt inne i ein «prosess».

Den dagen er 11. september.

Artikkeltags