Svartfredag, men ikkje heilsvart jul

DEL

God helgBlack Friday - eller «svartfredag» på språket dei talar i Noreg - har amerikansk opprinnelse attende til 1869 og ei finanskrise. Suezkanalen opna forrresten 17. november same året.

Til gamlelandet vart krisa kanalisert inn 141 år seinare; i 2010. 26. november introduserte Norwegian Outlet i Vestby i fylgje wikipedia handledagen for nordmenn.

Sidan har handelsstanden løfta krisa til nye høgder kvart år siste veka i november.

Det siste no er innføringa av annonsebegrepet «Black Week».

Eller «begrep»; det heile er i realiteten ein freistnad på å få deg og meg til å bruka meir pengar over fleire dagar på å kjøpa ting som eg tvilar på at eg har behov for.

Ei heil veke med svart overflodsforbruk, med andre ord. Ikke akkurat til pass som eit miljøargument. Men kan truleg fungera som eit miljøfiendtleg argument, for dei som har makt og mot.

Det neste blir truleg at «Black Week» vert utvida til «Black Month». Så «Black Year». Og til sist: «Black Life».

Frå gammalt av har me tradisjonelt hatt julegåve- og julemathandel. Svartfredag var også opprinneleg, altså i USA, tenkt som byrjinga på julehandelen og avslutninga på dagen Thanksgiving - sjølvasta kalkundagen over alle fjærkredagar.

No presenterer forretningsstanden i praksis julehandelen to månader før svartfredagen og svartveka.

Med andre ord snur dei opp ned på historia bak svartfredag.

Allereie her tøvar dei det til for seg sjølve. Ikkje berre hoppar dei bukk over historia, og slik reduserar eksistensgrunnlaget for den svarte bodskapen. Alternativet er jo at dei ærleg seier at svartfredagen og svartveka faktisk er null og niks utover å vere ei veke der me hyllar meirforbruk og materialisme. Som ein Gud for oss i løna arbeid.

Men i tillegg pulveriserar forretningsstanden eksklusiviteten med sjølvaste jula. No varer nemleg jula frå oktober (eg såg juleøl og julemarsipan matvarebutikkar frå i midten av oktober) og moglegvis heilt til påske.

Så; kva er bodskapen min?

Jo. Den er at jula er fin og inneheld mykje familiekos og gode luktar og mange koselege fine stearinljos. Og ei særs lang kulturhistorie. Men for å behalda alt dette som er genuint vakkert med jula så lyt eg ta nokre val. Eg lyt droppa juleøl i oktober, droppa å setja opp lysslynger før 1. desember, og droppa å handla julegåver fordi eg trur at det er det eg skal gjera fordi handelsstanden gnålar på med innhaldslause svarte dagar og nissar i butikkvinduet frå i oktober av. Og så lyt eg og innsjå at eg samstundes vert påverka, men at eg likevel kan klara å fokusera på det som eigentleg er jul. Og den er slett ikkje heilsvart.

Artikkeltags