Gå til sidens hovedinnhold

«Fotball er ikkje for alle, og i alle høve ikkje for sveitteglade blylodd som meg»

Artikkelen er over 3 år gammel

God helg Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Kvifor trenar eg? Mitt svar på spørsmålet inneheld tre versjonar: Den moderne versjonen, den saklege versjonen, og til slutt den ærlige versjonen.

I den grad eg kan seiast å vera moderne så svarar den moderne Jon Steinar at eg trenar for å unngå at bilringen vert større og for å unngå at den må omtalast i fleirtal. Med andre ord fordi eg er forfengeleg og med det glir rett inn i den kosmetiske oppfatninga av verda. Den er ny, industriell og i stor grad gira kraftig opp og forsterka av media. Den fortel døtrene og sønene våre at kroppen skal vera vakker, rein, tynn og velproporsjonert.

Resultata av denne sterkt forbrukarorienterte indoktrineringa er at ungar og vaksne meskar seg i ei blanding av dårleg samvit, og også oppkast som skuldast spiseforstyrrelsar. Eg slit lukkeleg vis ikkje med spying. Men eg er nøgd med ein liten bilring i staden for ein stor bilring.

I den saklege versjonen trenar eg for å unngå at eg dauar om fire år. I staden skal blodpumpa, i fylgje forskinga, få halda fram med å pumpa i førti år til. Og då skal ho berre brått stoppa medan eg sit og halvsøv i ein stol. Roleg og utan smerter glid eg inn på livets siste våg medan dama mi – i alle fall ho som eg drøymer om – steller meg og seier «eg er så glad for at me pumpa jarn saman. Takk».

I den ærlege versjonen av svaret på kvifor eg trenar, så trenar eg mest av pliktkjensle og fordi treninga er ein vane. Eg trenar fordi eg har gjort det (nesten) alltid. Eg trenar fordi eg inst inne veit at utan trening så hadde livet vore annleis. Eg trenar ikkje fyrst og fremst for å verta sterk, sjølv om slike eigenskapar òg gjev liv på livstunet.

Eg trenar truleg mest for å sleppa ikkje å trena. For kva sit eg på eit reint personleg plan attende med om eg kuttar ut manualar, tredemøller og fjellturar?

Truleg berre meg sjølv og dei holene i livet som eg har søkt meg inn i. Fleire tankar. Meir grubling. Nokre gonger gode kjensleopplevingar. Andre gonger dårlege kjensleopplevingar. Begge er variantar som høyrer heime i livshjulet sitt mangfaldige nettverk, og begge må lyttast til. Men mange gonger skal ein berre ta seg på tak og gje f. Då er det best å flytta livet ut til utsida, ut til det fysiske. For gleda på innsida kjem etterpå. Perspektivet endrar seg. Tunge vegar vert lettare. Men lette vegar vert ikkje tyngre. Akkurat det er kanskje treninga si største føremon.

Nyleg takka eg ja til å verta med å trena på det som for meg er ein heilt ny måte. Idretten heiter fotball. Eg kasta meg formeleg ut til løvene som har spela ball før og som truleg humrar godt av den potetsekktunge kroppen som pustar tungt og som har sure musklar og hinkar rundt på bana og dyttar og bryt mykje og som driblar lite, i fråvær av tekniske ferdigheitar.

Og som no på tredje veka kjenner ei smerte på same staden, øvst i låret.

Fotball er ikkje for alle, og i alle høve ikkje for sveitteglade blylodd som meg.

Likevel skal eg henga med vidare, som eit dårleg svar på den gamle løpsmaskina på landslaget, Øyvind Leonhardsen. Eller som Eddie the Eagle, for å bruka det verste hopptalentet som finst i historia til skihoppsporten

Kvifor vil eg henga med vidare i ballspelet i gymsalen på Kulstad skule?

Nokre gonger lyt ein berre gjera noko anna og noko nytt. Det treng ikkje vera mykje eller stort.

Men det er retningsgjevande.

Og moro.

Kommentarer til denne saken