Gå til sidens hovedinnhold

«Drit og dra, her luktar naboskit»

Artikkelen er over 4 år gammel

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

I sommar tenkte eg at seinsommaren og hausten kan vera ei klok tid for å leita etter ei hytte. Eg er såpass naiv av meg at eg vonar at prisane går ned og lykkefølelsen opp når hauststormane slår inn.

Etter at eg vart singel for to år sidan har eg nemleg vorte fastlåst til ein ide om at eg lyt ha ei hytte og ein båt å køyra ut til i frihelgar.

Føremålet er å hutra og frysa i nordavinden, fyra i omnen, snakka om været, sjå på Dønnamannen og leita etter strandkrabbar og tangsneller saman med ungana mine. Og fiska, sjølvsagt.

Horisonten min er like smal som horisonten på havet i Herøy er vid: Hytta lyt stå enten på Øksningan eller på Seløya. Noko anna er «no good».

Det skuldast nok at eg, som ein tidlegare sambuar med ei innfødd frå Vefsn med rettigheitar i eit familiehus i øyriket, kvar sommar i 15 år naut det privilegiet det er å feriera på Seløya, med tilhøyrande havfiske utover mot Gåsvær og Skibbåtsvær.

Eg skal heller ikkje leggja skjul på at eg kjenner meg som ein tøff nordmann når eg dreg fisk og drikk øl i båt.

At eg kan akseptera naboøya Øksningan skuldast rett og slett at eg ser over til Seløya frå delar av av Øksningan. Meir skal ikkje til for å blidgjera ei enkel sjel. Det er forresten kul umogleg å finna ei einaste hytte til sals på Seløya.

Sist hyttedraumen stranda var nettopp for to år sidan, også då på Øksningan.

Det vart for dyrt, den gongen.

No vona eg seriøst at det skulle lata seg gjera. Singeløkonomien har ikkje vorte stort betre, det skal seiast. Men eg vurderte bilsal, elbilkjøp og bomfritak som eit motargument mot dei 600 kronene det kostar å reisa ut og inn for berre litt helgemoro - då i ein bil med forbrenningsmotor.

Brikkene byrja ramla på plass, sjølv om eg truleg ville ha bite neglar berre for å kjøpe ein boks maling til værslitte hytteveggar.

Men så fann eg for nokre veker sidan ut at eg skulle på visning for andre gong på same hytta, nord på Øksningan og med fin utsikt til både Dønnamannen og til Seløya.

Hytta var allereie tidleg i sommar sett ned i pris med heile 400.000 kroner, noko som i seg sjølv får meg til å tenkja «hmmm....». Men ok, det kan eg leva med så lenge taksten er grei og hytta er i bra stand. Men eg vart litt uroleg. Det var noko som skurra.

Visning nummer to gjekk berre godt: Naboen med lyklane kom, eg sparka lett i ein planke på veggen utan at den ramla ned, og taket og sikringskåpet var dessutan heilt nytt, såg eg tilfeldigvis. Jaudå, berre bra greier dette her.

Hytta har endåtil eit naust med motorisert vinsj til båten. Sjølvaste prikken over i-en.

Alt tyda eigentleg på at eg burde slå nummeret til banken.

I siste stund av visninga fekk eg diverre - og heldigvis - brått informasjon som sa at det var noko kluss med nausttomta.

Men i tillegg dukka det opp endå meir rusk i forgassaren. Eg hadde sett meg i bilen og bilen i revers og kikka i spegelen før eg skulle rygga ut på hovudvegen frå hyttetomta

Der kjem ei dame i kjole, gåande frå naboeigedomen. Ho pikkar på bilvindauga mitt. Eg sveivar ned. Ho seier det er noko eg lyt veta: Hytta har felles kloakk-kum med dei, og at det ikkje er aktuelt å ha det slik i framtida.

- Kvifor godtok de slik ei ordning då, i si tid? spurde eg.

- Ville vel vera snille, var svaret.

Drit og dra, her luktar naboskit.

Kommentarer til denne saken