Gå til sidens hovedinnhold

"Det kan verke som om statsråd Asheim har bestemt seg for sine svar utan å gå grundig inn på spørsmåla"

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

(iSandnessjøen)

God dag, mann! - Økseskaft

I eventyret God dag, mann! -Økseskaft, får vi demonstrert kor meiningslaus ein samtale kan bli, når den som skal svare, ikkje kan, eller vil, høyre kva spørsmåla eigentleg handlar om. Same prosedyre får vi demonstrert når statsråd Asheim skal svare på spørsmål frå Kontroll- og konstitusjonskomiteen på bakgrunn av Nord universitet si nedlegging av Campus Nesna.

I første spørsmål slår Asheim klårt og tydeleg fast at "(...) det presiseres fra regjeringen at dette er en strukturreform på institusjonsnivå, ikke på studiestedsnivå." og vidare: "strukturreformen viser til at sammenslåingene som regjeringen vil gjennomføre gjelder institusjoner, ikke studiesteder." På spørsmålet om nedlegging av studiestad Nesna er i tråd med desse intensjonane om at det gjeld institusjonar, ikkje studiestadar, svarar statsråd Asheim "økseskaft". I departemental språkdrakt blir det då lydande slik:

"Det må også i fremtiden, slik det er i dag, være opp til institusjonene selv og deres styrer å vurdere hva en hensiktsmessig studiestedsstruktur innebærer."

Men spørsmålet var ikkje om styra kan vurdere studiestadsstrukturen, men om nedlegging av Campus Nesna er i tråd med intensjonane i strukturreforma.

Det andre spørsmålet frå Kontroll- og konstitusjonskomiteen, handlar om i kor stor grad Nord universitet har ivareteke si utgreiing og informasjonsplikt etter §17 i forvaltingslova i samband med nedlegging av Campus Nesna. Heller ikkje her, greier Asheim å svare på kjerna i spørsmålet. Svaret er ei rein formalistisk påpeiking av at det har vore gjennomført diverse informasjonsmøte og eit dokument vart sendt på høyring. Alle dei kritiske høyringssvara som Nord universitet fekk som tilbakemelding på sitt forslag om nedlegging, dokumenterer til fulle den mangelfulle saksutgreiinga som var lagt til grunn for styret sitt vedtak om nedlegging. Styret ved Nord universitet hadde ikkje ei einaste utgreiing eller noko som likna på ein regionalpolitisk analyse av konsekvensane med denne nedlegginga.

Det tredje spørsmålet gjeld om Nord universitet har kompetanse til å gjennomføre nedlegginga av Campus Nesna og seie opp leigeavtalen med Satsbygg. Asheim hevdar at det er styra som "kjenner egne behov, begrensinger og muligheter best og derfor er det styrene som har fått ansvaret for organiseringen av institusjonene". Men det er ikkje styra som kjenner dei regionale behova best. Høyringssvara frå Helgeland og andre aktørar, viser til fulle at Nord universitet ikkje på nokon måte har lytta til dei regionale behova. Dette er grundig dokumentert i fleire artiklar i boka Kampen om campus Nesna (Allern, S., red. 2020)

Når det gjeld oppseiing av leigeavtalen med Statsbygg, hevdar Aasheim at dette ikkje er ein juridisk bindande avtale og at Statsbygg, departementet og Nord universitet er eit og same rettssubjekt. Asheim går ikkje inn på punkt 5 i leigeavtalen, der det eksplisitt står at berre Storting eller regjering kan seie opp avtalen. Statsbygg har og påpeika at regjeringa si godkjenning av Nord universitet si oppseiing av leigeavtalen, er problematisk.

I eventyret God dag, mann! -Økseskaft, hadde fergemannen bestemt seg for svaret før samtalepartnaren dukka opp. Det kan verke som om statsråd Asheim og har bestemt seg for sine svar utan å gå grundig inn på kva spørsmåla frå Kontroll- og konstitusjonskomiteen eigentleg handlar om.

Arna Meisfjord,

tidlegare rektor ved Høgskolen i Nesna

Kommentarer til denne saken