«Ekspertgruppa vart sterkt kritisert for tilrådinga som ikkje hadde vitenskapleg eller fagleg forankring»

Kjersti Toppe (Sp)

Kjersti Toppe (Sp) Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Leserbrev Sjukehusstruktur og innbyggjartal

 

Eg set stor pris på at det er debatt rundt forslag til ny sjukehusstruktur på Helgeland. For sjukehus og akuttberedskap er ein grunnstein i vårt solidariske velferdssamfunn, der folk skal ha likeverdige tenester i heile landet. Difor er det positivt at både folk og fagfolk er opptekne av kva sjukehusstruktur som er best. Men når Helgelendingen skuldar meg for å ikkje vere opptatt av pasientane, meiner eg likevel det er litt drygt. Likeså at eg ikkje lyttar til folk og at eg liksom meiner at pasientar på Helgeland ikkje kal få nyte godt av eit kompetent og sterkt fagmiljø.

Det er sjølvsagt feil. Eg tok ikkje turen til Helgeland, besøkte alle tre sjukehusa, fekk snakke med både leiing og tillitsvald og folkemøte på kvelden, fordi eg ikkje vil lytte. Og det gjer sjølvsagt inntrykk når både tilsette på sjukehusa, nærast uansett profesjon, og kommunestyra dei fleste stadene meiner at eitt fellessjukehus er best. Samstundes registrerer eg stor usemje om kor dette fellessjukehuset skal plasserast.

Helgelendingen skriv i sin leiar at: «En tosykehusmodell er ikke bærekraftig verken når det gjelder økonomi eller kvalitet på behandlingstilbud fordi regionen i sum har for få innbyggere.» Det kan godt hende. Eg berre spør om ein veit dette sikkert, og stiller spørsmål ved fakta i argumentasjonen. For når ressursgruppa viser til Nasjonal helse- og sjukehusplan og ei såkalla ekspertgruppe som der tilrår vesentleg færre sjukehus med akuttberedskap i kirurgi i Norge, og brukar dette som eitt av sine fremste argument for eitt fellessjukehus, så reagerer eg.

Ekspertgruppa i Nasjonal helse- og sjukehusplan hevda at sjukehus måtte ha mellom 80 000 og 100 000 innbyggjarar i sitt opptaksområde for å ha kirurgisk akuttberedskap. Det ville bety at 2 av 3 akuttsjukehus i Norge måtte bli lagt ned, eller mista kirurgar i vakt. Finnmark ville stå utan eit einaste. Dette var sjølvsagt eit skrivebordsforslag. Om dette blei gjennomført ville det ikkje berre har sentralisert helse- Norge. Det ville ha sentralisert Norge. Ekspertgruppa, som helseminister Høie hadde satt ned, vart sterkt kritisert for si samansetning (Oslo- dominert), og for tilrådinga som ikkje hadde vitenskapleg eller fagleg forankring.  

 

Heldigvis vart denne tilrådinga sett vekk i frå politisk då Stortinget behandla Nasjonal helse- og sjukehusplan. Ingen av sjukehusa som «ekspertane» meinte var for små til å få behalde kirurgar i vakt, blei  lagt ned eller endra på. Alle fekk behalde kirurgisk beredskap.   Slik som sjukehusa på  Voss og Notodden, med  omlag 30 000 i opptaksområde kvar. Heller ikkje Odda, men sine 12 000 innbyggjarar i opptaksområdet, har mista akutt-kirurgisk bereskap. At ekspertgruppa sitt forslag i Nasjonal helse- og sjukehusplan no brukast i sjukehusstruktursaka på Helgeland, er difor oppsiktsvekkjande.

 

Når det gjeld kvalitet, er det ikkje dokumentert at kvaliteten i sjukehus automatisk blir betre av at sjukehusa blir større. Helsedirektoratet har sjølv slått fast at det er kvalitetsforskjellar mellom sjukehus i Norge, men at denne lina ikkje går mellom store og små sjukehus. Det føreset at ein har ei oppgåvedeling mellom sjukehus. Når det gjeld effektivitet, er det heller ikkje dokumentert at eitt stort sjukehus driv meir effektivt og brukar mindre helsekroner, enn to eller tre små. Dei fleste sjukehusfusjonar ein har forska på, viser heller det motsette.

Sjukehus handlar om meir enn pasientbehandling, det handlar og om beredskap. Auka avstand til akuttmottak, gjer beredskapen vanskelegare. Dette er også ein viktig kvalitet. Nasjonal traumeplan tilrår at skadde pasientar som ikkje når eit traumesenter innan 45 minutt, bør innom eit lokalsjukehus for stabilisering. Då må slik bereskap finnast. Det står i mandatet til ressursgruppa at dei tre forslaga, også 0-alternativet, skal utgreiast likeverdig. Det er ikkje lett å sjå at det har skjedd. At ein skal slå saman fødeavdelinga til ei fødeavdeling, er etter mitt syn også svært krevjande. Her har Stortinget slått fast seinast i vår at dagens fødeavdelingar skal sikrast. Men for å gjere det heilt klart, Senterpartiet går sterkt i mot ein sjukehusmodell med akuttsjukehus utan kirurgar i vakt. Uansett kva som er og blir den optimale sjukehusløysinga på Helgeland, må dette leggast til grunn.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken