«Kva er det då som gjer at Rana tilsynelatande når så lett fram? Kva er det Rana har som vi manglar?»

Av
DEL

Er vi blitt lurt?

LeserbrevRessursgruppa har gitt sin konklusjon: Eitt sjukehus, lokalisert til Rana. Og vi som bor sørom Korgfjellet, sit med ein flau smak i munnen: Er det verkeleg Rana som skal få dette sjukehuset?

Dei fleste av oss er ikkje spesielt politisk engasjerte, sit ikkje i styre og utval og er med og bestemmer. Vi er «mannen i gata» som får informasjonen vår gjennom media. Og for lokale saker er det først og fremst lokalavisene. På indre Helgeland vil det stort sett seie Helgelendingen.

Og informasjon har vi fått. Vi har lese kva enkeltpersonar, gjerne fagpersonar, har sagt. Dei har uttalt seg som privatpersonar eller i grupper og utval. Mykje av helsepersonell har vore på bana - folk med fagkompetanse og medisinsk erfaring. Avisa har villig referert og informert. I ledarartiklar og i kommentarar har vi fått presentert den «riktige» konklusjonen, det logiske og opplagte.

Og alt har peika i ei retning: Blir det eitt stort sjukehus på Helgeland, så må det leggast midt på Helgeland, det vil seie i den såkalte aksen Sandnessjøen-Mosjøen. All fagleg kompetanse har peika ut retninga for oss.

Er det då så rart at vi føler oss ein tanke forvirra. Eller rett og slett lurt?

Kva er det då som gjer at Rana tilsynelatande når så lett fram? Kva er det Rana har som vi manglar? For det var jo vi som skulle nå fram med dei gode argumenta.

Spørsmålet er så absolutt på sin plass. Og lat meg prøve på å peike på nokre punkt, som kan vere utgangspunkt for ei meiningsutveksling.

- Rana-samfunnet har dyktige politikarar og andre personar med innflytelse som veit korleis dei skal gjere tinga for å nå fram i ei sak. Dei ikkje berre har verktøyet, men dei brukar det. Dei ser mulegheitene og grip fatt i saker der andre kanskje berre pratar.

- Dei same personane, enten dei er politikarar eller andre, har evnen til å løfte lokalpolitikken opp på eit høgare nivå, det vil seie nå fram med argumenta/sakene til dei som regionalt og rikspolitisk har mulegheit og makt til å gi støtte. For vi kjem aldri bort frå at det i ulike samanhenger er både viktig og avgjerande å ha kontakt med personar med «innflytelse».

- Så dette, og det er naturlegvis kontroversielt: Kan det tenkast at dei (også personar) som skal avgjere eller uttale seg om viktige saker, rett og slett ikkje tør å sjå bort fra Rana? Kan det vere at Rana i så mange samanhengar står så sterkt at det er vanskeleg å gå forbi kommunen? Jernverksbyen Mo har ei historie som «alle» kjenner, og befolkningsmessig er Rana-området eit tyngdepunkt på Helgeland. Kan det koste for mykje, også politisk, å sjå bort frå Rana?

Det er fare for at siste punktet blir avfeia som useriøst. Men skal ein først prøve på å finne årsakssamanhenger, må ein våge å ta også det med.

Til slutt: Då konklusjonen til ressursgruppa kom, vart det frå vår del av Helgeland understreka at siste ord ikkje var sagt. Den som lever, og kanskje får bruk for sjukehuset, får sjå.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags