”Var han Nordlands største hestkuk?”

RETTVIS Ettermæle: Han, som så tidleg gav ei realistisk skildring av Nordland og nordlendingen, og i denne skildringa også let folket tala nordlending, han var og er på jorda, skriv Kristian Halse.  Foto: Martin Jøsevold

RETTVIS Ettermæle: Han, som så tidleg gav ei realistisk skildring av Nordland og nordlendingen, og i denne skildringa også let folket tala nordlending, han var og er på jorda, skriv Kristian Halse. Foto: Martin Jøsevold

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Leserbrev 

Medan eg skriv dette, er det ei viktig samling i kulturhuset Stormen i Bodø. Der møtest dei for å avgjere om Petter Dass var den største hestkuken i Nordland. Kor mange hestkuka dei har å vurdere, veit eg ikkje. Men med tanke på den utfordringa vurderinga står overfor, er neppe mengda avgjerande. For slik Petter Dass er omtala i Helgelendingen 31. august i år, må ein trekke den slutninga at han er den aller, aller største. Kulturmøtet i Bodø blir altså ei sandpåstrøing på den kjennsgjerninga.

Kronikken sluttar jo med dei sjølvsikre orda: «Dass står for fall.» Altså har vi ikkje lenger nokon Petter Dass medan eg skriv dette, i det historiske året 2016.

Men ærleg tala: Kva er no dette for infantilt rør! Eg skjønar nok at denne omtalen er spissformulert for å samle folk om ei stor, avgjerande sak. Men slik det er forma, må eg seie at eg får liten tillit til denne kultursamlinga. For heile oppsettet har ramt preg av heksejakt. Eg samtalar gjerne om Petter Dass, likeså vel som noko anna. Men da må ikkje utgangspunktet vere det brautande at vi skal «filleriste» Petter Dass; utgangspunktet må ikkje vere førehandsdomen at «Dass står for fall,» slik det er uttrykt i kronikken.

«Man kan si at han var et barn av sin tid, men hvorfor har vi puttet ham på en pidestall og glorifisert ham,» les eg. Vi kan ikkje, som her, berre vagt seie at Petter Dass var barn av sin tid; han var det. At han, som folk flest, hadde sine svake sider, og at han i somme tilfelle kunne svikte i etisk framferd, vil eg tru at vakne menneske ser. Så i den grad vi har sett Petter Dass på pidestall, er det saman med den etiske framferda han hadde den gongen, på slutten av 1600-talet.

For no å tale med kronikørens språk, så ville vi møte fleire andre store hestkuka om vi la vår tids etikkmål på ein del andre gamle ikon. Derfor er det så meiningslaust at ein i kronikken kjem dragande med at Petter Dass var svovelpredikant. For svovelpredikantane høyrde tida til, og vi har hatt dei innpå oss nesten til i dag. Dette er ein av fleire logiske kollisjonar i åtaka på Petter Dass.

Når no folk frå dette kulturtribunalet talar om å få Petter Dass ned på jorda, er det overflødig gjerning. Han, som så tidleg gav ei realistisk skildring av Nordland og nordlendingen, og i denne skildringa også let folket tala nordlending, han var og er på jorda. Med det har diktarpresten i alle fall vore med og gjeve nordlendingen sjølvtillit.

Kristian Halse

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags