”På stedet hvil!”, rektor Solheim Hansen!

Av
DEL

LeserbrevÅ stå på staden og kvile, er ikkje eit alternativ, seier rektor Solheim Hansen ved Nord universitet i ein artikkel som har vore trykt i fleire lokalaviser i Nordland og Trøndelag. Men faktisk kan nettopp det vere ganske klokt. Av og til bør ein leiar stanse opp og sjekke kompasset. Dersom ein står på stupet, bør ein ikkje ta eit seg framover, før ein nøye har vurdert konsekvensane og sett på alternativa.

Rektor Solheim Hansen prøvar i artikkelen å forklare oss kvifor det er nødvendig for Nord universitet å legge ned Campus Nesna og sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen. Ho seier: ”Det bør være i alles interesse at Nord universitet tar de grepene som trengs for å lykkes selv om endringene får store konsekvenser.” På denne måten får ho sagt at eigentleg er det til vårt eige beste at Campus Nesna og sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen er lagt ned. Vi forstår det berre ikkje sjølv. Honnørord som å ta grep, å vere tøff, blir bruka for å gje legitimitet til handlingar som det er lite grunn til å vere stolte av. Det kan difor vere viktig å minne om historia og bakgrunnen for etablering av Nord universitet og difor kanskje forstå kvifor det kunne vore lurt av rektor Solheim Hansen å stanse opp og tenkje seg om.

Nord universitet vart etablert i 2016 som resultat av ein fusjon mellom Universitetet i Nordland, Høgskolen i Nesna og Høgskolen i Nord-Trøndelag. I forkant av denne prosessen vart det lagt ned eit stort arbeid i å utarbeide ein fusjonsavtale som skulle vise retning og innhald for det nye Nord universitet. Det var stor motstand på Helgeland og på Høgskolen i Nesna, men fusjonsavtalen lova vidareføring og vidareutvikling av alle studiestadane, og slik vart kritikken nedkjempa. Få hadde fantasi til å førestille seg at fusjonsplattforma berre var eit spel for galleriet og berre eit grep for å gjennomføre fusjonen.

”Jeg føler meg lurt, og jeg synes det er skikkelig dårlig gjort,” sa til dømes Ingelin Noresjø då rektor ved Nord universitet foreslo for styret at all aktivitet ved tidlegare Høgskolen i Nesna skulle leggast ned. Noresjø er nestleiar i Krf, leiar i Nordland Krf og fylkesråd i Nordland fylkeskommune. Ho sa vidare til Helgelands Blad: ”Også jeg trodde på intensjonsavtalen da fusjonen ble vedtatt, og jeg føler det som et svik viss man nå bryter den. Jeg er så skuffa over at de som advarte mot fusjonen fikk rett, og det var mange som gjorde det.”

Vi er mange som kjenner oss lurt og vi er mange som kjenner på sviket. Det kom inn omlag 300 høyringssvar på rektor sitt forslag om å legge ned Campus Nesna og sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen. Det store fleirtalet var uenige i forslaget og sterkt kritiske til at fusjonsavtalen ikkje var verdt papiret den var skriven på. Alle kommunane på Helgeland har protestert. Eit samla Nordland fylkesting har krevd vidareføring og vidareutvikling av studiestadane. Ei spørreundersøking frå NRK Nordland har synt at sytti prosent av dei spurte i Nordland går imot nedlegginga. Kva seier så rektor Solheim Hansen til denne massive motstanden? Ho seier at vi veit ikkje kva vi snakkar om! Denne arrogansen har på ein måte vorte rektor Solheim Hansen sitt kjenneteikn. Nedsnakkinga av studentane, av fagpersonalet og studiemiljøet på Nesna og i Sandnessjøen, har vore einsidig, feilaktig og krenkande og ikkje ein rektor verdig. Fakta som fortel at utdanninga på Nesna har levert på kvalitet, blir systematisk usynleggjort. ”Nesna er best på fleire tall”, har nettavisa Khrono skrive: ”Det er ikke bare på søkertall at Nesna kommer bedre ut enn Bodø på lærerutdanningene. Det gjelder også tall for oppmøte, gjennomføring og studietilfredshet.” Til og med når det gjeld søkartala for lærarutdanningane i 2019, kjem Nesna betre ut enn Bodø. Det er ein bragd på bakgrunn av at Nord universitet har bygd ned alle studentvelferdstilboda på Nesna etter fusjonen.

Professor Tor Helge Allern har i artikkelen En historie om falske og brutte løfter, grundig dokumentert at nedbygginga av sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen og lærarutdanninga på Nesna, starta umiddelbart etter at fusjonsavtalen var underskriven. Administrativt vart det gjort vedtak om ikkje å ta opp studentar ved sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen i 2016, sjølv om det var nok kvalifiserte søkarar. Dermed gjekk studenttalet ned og grunnlaget for fullstendig nedlegging lagt. Høgskolen i Nesna hadde 1340 studentar før fusjonen. Ei systematisk nedbygging etter fusjonen har redusert studenttalet til 400. På Nesna står ein moderne og funksjonell bygningsmasse tilrettelagt for lærar- og førskolelærarutdanning, med spesialrom for kunst og handverk, kroppsøving, musikk, dans og drama, naturfag osv. Moderne bibliotek, arbeidsrom, kontorfasilitetar og undervisningsrom med kapasitet til om lag to tusen studentar skal bli ståande tomme. Nesna ligg sentralt på Helgeland, slik at om lag 50 000 menneske kan dagpendle til Nesna. Det er ikkje sant som rektor Solheim Hansen seier at Mo ligg sentralt på Helgeland. Mo ligg i utkanten av Helgeland. Det er ikkje sant at å flytte lærarutdanninga til Mo vil styrke fagmiljøet på Helgeland. Fagmiljøet skal flyttast til Bodø. Mo har ikkje dei spesialrom som trengs for å drive lærarutdanning. Då skal studentane få undervisning i Bodø og dei flotte lokalane på Nesna skal stå tomme.

Korleis er det mogleg for ein statleg institusjon, som er forankra i eit lovverk som skal fremje vitskapeleg tenkemåte, bygge på god erfaringskunnskap og forvalte ein etisk forsvarleg handlemåte, å lure ein heil region gjennom å sabotere ein fusjonsavtale mellom likeverdige partar? Heller ikkje det som stod i Kongeleg resolusjon av 09.10.15 om at studiestadane skulle bli viktigare i sine regionar, eller det som dåverande statssekretær Bjørn Haugstad skreiv i Rana Blad 21.01.15, vart teke omsyn til: Jeg registrerer frykten for at mindre høgskoler skal miste den viktige rollen de har i sine regioner. Men vårt mål er det motsatte: Vi ønsker ikke å legge ned studiesteder, men å styrke dem slik at de kan bli sterkere og mer betydningsfulle i regionen.

Løftebrotet, den systematiske luringa og sviket av alle dei som gjekk med på fusjonen, har vore grunngjeve med det meste, frå sparing av pengar, styrking av kvalitet og til styret sin autonomi. I denne artikkelen argumenterer rektor Solheim Hansen igjen for at det er økonomi som er avgjerande for at Nord universitet må vere så tøffe og legge ned studiestadane på Nesna og i Sandnessjøen. Men under høyringa på Stortinget den 30. september, stilte ein representant frå Utdannings- og forskingskomiteen spørsmål om meir pengar kunne hindre nedlegging av Nesna og Sandnessjøen. Rektor Solheim Hansen svara nei og at dette ikkje var eit spørsmål om pengar.

Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland har sidan nedlegginga vart aktuell, arrangert tre utdanningspolitiske konferansar der vi har sett desse spørsmåla under debatt. Rektor Solheim Hansen har glimra med sitt fråver. Ho hevdar at vedtaket om nedlegging har smerta henne, men tydelegvis ikkje så mykje at ho er villig til å stå ansikt til ansikt med oss for å forsvare sine grep.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags