"Er det ikkje oppmøte og fullføring av skolen som er ei av dei store utfordringane i videregåande skole? I så fall bør dykk ikkje legge ned der det fungerer godt, eller kva?"

Av
DEL

Leserbrev
Fylkeskommunen arbeider med forslag om å legge ned VG1 Naturbruk i Hattfjelldal.

Dette har vore ei spesiell avdeling under landbruksskolen i Vefsn (no MVS) i meir enn 30 år.
Skolen har utvikla seg til å bli eit spesiellt kurs, med mange gode kvalitetar. Det er så godt som ingen som droppar ut av dette, og elevane må komme seg opp og på skolen, i motsett fall risikerer dei å bli henta. Personalet har stort engasjement for fritida og hybellivet til elevane. Dette er velkjent rundt omkring, men eg lurar på om dei som skal avgjera skolestrukturen er tilstrekkeleg klar over det? Er det ikkje oppmøte og fullføring av skolen som er ei av dei store utfordringane i videregåande skole?
I så fall bør dykk ikkje legge ned der det fungerer godt, eller kva?

I Nationen 1.november d.å. kan vi lesa følgjande :
- «Økende interesse og bevissthet rundt både klima, miljø og matproduksjon er noen av årsakene til at flere ungdommer velger utdanning innen naturbruk, sier styreleder i Naturbruksskolenes Forening, Trond Håvard Bjørnstad»
Ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet er det ca 5 prosent fleire ungdommar som har søkt på utdanningsprogrammet naturbruk i år enn det var i fjor.
Landbruksminister Bollestad har sagt:» At stadig flere vil utdanne seg innen naturbruk er avgjørende for grønn og blå sektor»

Opplæringa ved VG1 i Hattfjelldal er utruleg variert. Bygdefolket ser ofte skolen sin buss på veg ut til nye «prosjekt» for elevane. Reinslakting, saueklipping, jakt og fiske, klauvskjæring, arbeid i landbasert fiskeoppdrett, småskalaproduksjon av kortreist mat, skogbruk, torghandel m.m.m. Førarkort for traktor og snøscooter, avlegging av jegerprøve er vanlege aktivitetar. Mange praksisdagar blir lagt til gardsbruk rundt omkring, og skolen har godt samarbeid med faglaga, bøndene og reindrifta.

I fjor fekk skolen nye lokalar for teoriundervisning. Då såg det ut for at fylket var ganske raus med lokaler og utstyr, det såg ut som ei »satsing» på dette kurset.

Som gardbrukarar her i 35 år har vi sett utruleg mange elevar få ein god start på vidaregåande skule med å gå dette kurset. Vi har sjøl hatt 2 elevar som har gått kurset og vi har vore praksisvertar for ganske mange andre. Eg har sett ungdom som etter ein lang dag i fjellet med reinslakting, har ligge sveitt og varm, med blodete klede, og skrapa reinskinn på golvet klokka halv elleve om kvelden, med stor iver. Eg har sett ungjenter med dårleg sjøltillit kjøre traktor med tungt utstyr og kjenne på skikkeleg meistring, (noko som ofte gir godt resultat!) Og eg har sett små jenter kjøre store hestar. For ikkje å snakke om den friske ansiktsfarge under skogshjelmen når dei tar til å få taket på å bruke motorsag! Vi ser alltid elevane på hausten når dei har produsert mat, og er opptatt med torgsalg på torgdagen i bygda.
Tenk kor mange fine oppturar dette blir, ikkje minst for dei som har gode praktiske anlegg, og som har slite 10 år på pulten med teoriundervisning!
Eg kjenner dei som meiner at desse «Hattfjelldalselevane» kan ha lagt seg til eindel uvanar – og vel, dei er vel ikkje ferdig skolerte når dei kjem herifrå, og må vel læra noko seinare og?
Dei har vore eit år i ei bygd som er kjent for «Ville kvinner», ungdom som hoppar høgt, spring styggfort, fjellfolk og bygdeorginalar. Dei kan vel ha fått nokre uvanar. Vi tar dei iallefall gjerne inn som arbeidskraft i bygdene seinare!

Bygda vår har mykje skog og fjell, nasjonalpark, bønder, Fjelltjenesten, SNO, rovdyr, beitebruk, lokalmatproduksjon,innlandsfiske, jakt og turisme. Mange festtalar handlar no om «det grøne skiftet», og fylkestingsvalget gav stor framgang for parti og politikarar som vil satse på å ta heile landet i bruk. Bygdene treng ungdom med kjennskap til den måten vi lever og arbeider på.

Viss vi no, likevel, skal måtte sjå at skolebyråkratane og politikarane i finn ut at dette kurset har vi ikkje råd til, ja då er det stor skilnad på liv og lære, og her blir både sinne, og mistru til dei som styrer!

Brynjar Dalen,
naturbrukar

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags