Grendeskuler i Hattfjelldal: - Kan det dokumenterast at elevane frå Varntresk og Susendal lærer mindre?

Av
DEL

Leserbrev 
Like under jul kom to lærarar ved Hattfjelldal skule med innlegg i avisa, der dei gjekk hardt ut mot politisk leiing, og mot at vi opprettheld 3 skuler i kommunen. Dermed sikra dei seg nok at dette vart tema rundt mange kaffebord i bygda denne jula.
Eg kjenner begge to, dei er flinke, eg likar begge to, men no er eg er hoppande uenig med dei!

For det første, utspelet er heilt i tråd med regjeringa sin politikk. Nokre ungar i grendene skal altså måtte bruka eit par timar for dagen i buss kvar dag, for at kommunen skal ha råd til å drifte sentralskolen som før. I tillegg til skuledagen er det ofte fritidsaktivitet på skulene på ettermiddag/kveldstid, noko som og vil medføre ei uhaldbar reising for desse elevane.
Dei to skribentane er redde for sine arbeidsplassar, det forstår eg, sjøl om desse to nok er av dei som har minst grunn til det. Kva med dei som har sine arbeidsplassar på grendeskulene?
Kjell Vidar skriv om «det kommunale vogntoget som kjører i grøfta». Eg vil no heller sitere tidlegare topp-politikar Torbjørn Berntsen: »Kva hjelper det om det økonomiske toget går stadig fortare, når så mange ramlar av på turen?» I dette tilfellet er vi vel einige om at om vi legg ned grendeskulene så er det dei svakaste som må ta støyten?
Når det blir vist til resultat av tidlegare sentralisering av skuler, så må det verkeleg takast med at mange av dei er skuler med kort kjøreavstand mellom.

For det andre, eg er så lei av dette med «solid fagmiljø» som Kjell Vidar legg vekt på.. Det blir brukt over alt, av mange, i sentraliseringsdebatten som rir landet som ei mare. Helsepersonell, prestar, tannlegar, juristar, byråkratar, ja alle vil sjølsagt ha eit godt og stort fagmiljø. Klart det er bra med eit godt fagmiljø, det veit eg faktisk ein heil masse om. Det gjeld for oss alle. Sjølv bøndene veit at om det ikkje er andre i nærleiken som ein kan prata fjøs med, så er det negativt! Men no er dette landet slik laga at det ikkje går an å lage solide (store) fagmiljø over alt, fordi vi lever og bor spredt utover bygdene. Mange av oss har små fagmiljø, men oppnår brukbare resultat! Kanskje det imponerande friidrettsmiljøet i bygda her er eit døme på det?.
Har ikkje skulene i Varntresk og Susendal levert? Kan det dokumenterast at elevane derifrå lærer mindre, og får eit dårlegare liv, enn dei meir «urbane»? Er lærarane der understimulerte?

Tidleg på nittitalet sat eg i eit kommunestyremøte der langsiktige strategiar for kommunen var tema.
Då sa både rådmann og ordførar, med stor og sterk stemme, at det som skulle skje av næringsutvikling i kommunen framover ville komme i eller i tilknytning til sentrum. Slik dette vart framført var det ikkje freistande for ein uerfaren vararepresentant å seia dei imot. Men hadde dei rett?
Etter den tid har Sæterstad Gard utvikla seg til ein spydspiss for innovativ satsing i landbruket.
I Susendal har vi no mellom anna Susendal Bygdeservice, Daleng Scooter og Service, Bråten Bil og Furuheim Gard. Her har det vore folk som har satsa og har fått det til. Fleire av dei nemnde har mottatt prisar for sitt arbeid! Og det er mange fleire som har laga seg levebrød der ute! Ville denne satsinga ha kome utan grendeskulene? Eg veit ikkje, men det er vel god grunn til å tvile?
Vi kunne sikkert ha trengt meir pengar her ute, men får nok neppe det frå dei som styrer landet vårt i dag. Men det vi kan få, er kreative og innovative folk som slår seg ned uti bygda og skaper aktivitet. Eit effektivt middel for å hindre dette er å legge ned grendeskulene, det er eg sikker på.
Til slutt: I 2019 var det for fleire og klåre alternativ under kommunevalget her.
Senterpartiet og bygdelista garanterte skulestrukturen som han er, dei neste fire åra. Det vann dei, etter mi meining, valget på. Dette kan dei no ikkje gå tilbake på, sjølv om det blir hardt, viss det ikkje kjem nye forutseningar. Då er dei ikkje truverdige. Altså blir det nok slik no. Politikarane må legga arbeidskrafta i å spare på annan måte. Det er ikkje lett å gå i sterk motvind, men vanlegvis ikkje umuleg!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken