«Å redusere ein heil region til eit fakkeltog»

Frå Stortingsbehandlinga av dok 8 forslag mot nedleggginga av Campus Nesna

Frå Stortingsbehandlinga av dok 8 forslag mot nedleggginga av Campus Nesna Foto:

Av
DEL

LeserbrevI Avisa Nordland den 14. februar skriv Jan Erik Hansen om Nord universitet som har vore ute «i hardt vær» det siste året. Det har ikkje storma utan grunn.
Når ein vel å drive med løftebrot, løgn og hersketeknikkar, er det ikkje så rart at ein får Nordland fylkesting, regionråda på Helgeland og folkemeininga mot seg. Opposisjonen på Stortinget har og vore tydeleg på kva dei meiner om nedlegginga av campus Nesna. På partileiardebatten i Trondheim sa Jonas Gahr Støre «Vi skal ha det studiestedet tilbake!».
Vi kan vere einige om at dette har vore eit «annus horribilis» for Nord universitet. Men det får dei ta på si eiga kappe. Dessverre er Jan Erik Hansen nok ein gang på tur i fella som ukritisk heiagjeng. «Fordelen med å ligge på bunn er at det bare kan gå en vei», seier Hansen. Det han då ikkje nemner er at av alle Nord sine Campusar, så kom Nesna særleg godt ut. Studentane på Nesna er av dei mest nøgde i heile landet. Dette året har faktisk fleire studentar søkt overflytting frå Bodø til Nesna. Aksel Tjora professor og styremedlem ved NTNU, har tidlegare skulda studentpolitikarar for å fokusere på eiga karriere og halde seg inne med leinga. Han trekkjer spesielt fram Nesnastudentane. «de viser en helt annen holdning og mitt håp er at den aksjonen her kan forplante seg til alle studentene i Norge for å stå opp mot mange endringer som er i ferd med å ødelegge institusjonenes særegne kvaliteter."
For det er det Campus Nesna har, eigne kvalitetar. Campus Nesna har spesialisert seg på desentralisert utdanning og livslang læring, som så ofte er omtalt i den nasjonale utdanningsdebatten. Ein debatt som Campus Nesna i høgste grad har teke del i det siste året.
Og dersom dette «annus horribilis» har virvla opp noko, så er det forståinga av at kulturen og tradisjonen for høgare utdanning som trengs for framtida i Nordland, den finns på Campus Nesna.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags