FIRDA: – Eg vaks opp i tettstaden Mosjøen, på Helgeland, seier Ann Synnøve Øygård.
1. april byrjar ho som ny fabrikksjef på Hydro Høyanger.
Det er eit stykke frå Helgeland til Høyanger, men dei har også eit viktig fellestrekk: Aluminiumindustri.
– I Mosjøen stod aluminiumsindustrien sentralt. Det har prega det meste av livet mitt, seier Øygård.
– Er det andre likskapar mellom Høyanger og Helgeland?
– Folk frå Høyanger snakkar rett frå levra, til liks med nordlendingar. Dei er interesserte i å få ting til, prestere og levere. Det er ein flott kultur, som minner om den eg vaks opp med.
Lang erfaring
Øygård er utdanna prosessmetallurg frå NTH i 1992 med ein supplerande master i teknologileiing frå 2009.
Øygård byrja i Hydro som forskar på forskingssenteret på Sunndalsøra i 1996. Ho vart seinare avdelingsleiar på referansesenteret og laboratoriet. Frå 2007 var Øygård avdelingsleiar for prosjekt- og modifikasjonsavdelinga ved Hydro Sunndal.
I 2011 starta ho eit avdelingskontor for Scandinavian power (Scandpower) på Sunndalsøra saman med tidlegare Hydro-kollegaer.
– Scandpower vart starta i 1971 av det som då var Hydro, Årdal- og Sunndal verk, Elkem og Hafslund, etter påtrykk frå industriminister Finn Lied for å jobbe med kjernekraft.
Ho seier det er ein artig historikk med tanke på dagens veksande interesse for kjernekraft.
I 2016 vart ho støyperisjef på Hydro Høyanger. Ho var også konstituert verkssjef i fem månadar, før ho fekk jobb som prosesseigar i Asset Management i 2020, i Oslo. No bur ho der, saman med sambuar Trygve Leinum.
– Eg har ei vaksen dotter, Helene, som også bur i Oslo no.
Leinum er dagleg leiar for selskapet Trondheim Consulting, som jobbar med teknisk tryggleik. Han er for tida blant anna engasjert i Hydro sitt recycling-prosjekt i det gamle Fundo-bygget.
– Var det avgjerande i høve å ta denne jobben?
– Nei. Jobben han gjer i Høyanger er eit forbigåande engasjement. Men det er ein styrke å ha ein partnar som støttar meg og er oppmuntrande i høve jobbane eg tek. Han er fleksibel i høve at eg brukar mykje tid på dette.
Det blir ein del pendling til og frå Høyanger, men sidan sambuaren skal jobbe der ein del framover, veit ho ikkje kor mykje.
Spennande jobb
Ho beskriv stillinga som ein interessant jobb, som ho hadde lyst på. Og når rammevilkåra fall på plass, hoppa ho i det.
– Det har vore litt fram og tilbake. Det handlar om krevjande sjukdom i familien, seier ho:
– Hydro viste meg stor fleksibilitet, som gjorde det mogleg å ta denne jobben. Det var avgjerande.
Ho seier det også freista fordi det ikkje er ein «ei-kvinnejobb». Det handlar om å jobbe i team. Det motiverer ho.
– Eg gler meg til å komme tilbake til Hydro Høyanger, bli ein del av ein framoverlent organisasjon og skape resultat saman med dei, seier Øygård.
Første prioritet er HMS:
– Å sørge for at ingen skadar seg er alltid det viktigaste vi jobbar for. Når vi unngår skadar, så får vi arbeidsro til å fokuserer på å skape resultat. Det å drive eit lønsamt og berekraftig verk er det viktigaste vi kan levere på.
Ho beskriv Hydro Høyanger som ein spennande arbeidsplass, i ein organisasjon som likar å ta på seg nye utfordringar.
– Til dømes ved å vere pilot for mykje av det Hydro testar ut.
Øygard har budd det meste livet på små tettstadar, og jobba med aluminium. Ho er fascinert av Distrikts-Noreg og moglegheitene ein finn der.
– Det er ikkje noko unikt for Høyanger, men eg har lange relasjonar til tettstaden og til Hydro. Det har alltid vore givande å samarbeide med dei.
Mykje jobb, men blir det tid så:
Sidan ho legg opp til å pendle ein del frå Oslo til Høyanger, blir det truleg mykje arbeid når ho først er der.
–Det skuldast ikkje berre pendlinga, men at likar det eg jobbar med, seier ho og ler.
Men ho har innsett at livet ikkje berre handlar om jobb. På fritida blir det trening og turar i naturen når høvet byr seg.
– Det håpar eg å få tid til. Eg har lært at slikt må ein berre sette av tid til.
Og sidan ho har ei fortid i Høyanger, så har ho også vener der.
– Eg håpar eg å få tid til å pleie vennskapa eg har i Høyanger.
Dessverre må ho droppe det som var favoritturen før: Trappene opp frå sentrum, som no har blitt stengde.
– Det er den turen eg gjekk desidert mest sist eg var i Høyanger, saman med skiturar frå Siplo. Men det er mange andre flotte turar.
Ho har også dykkarsertifikat og er glad i å padle.
– Førre gong eg var i Høyanger, drog eg ein del til Florø for å padle med padlegruppa der. Det er veldig fint der ute.
Ho seier at ho ikkje dykkar så ofte lenger, og at det ikkje blir så mange timar igjen av dagen til andre aktivitetar.
– Men den tida eg har til rådigheit, brukar eg på hagearbeid, vener og familie. Og på hytta i Ålvundfjorden, på Nordmøre.
Mange spennande oppgåver som ventar
Ho trekker også fram at det er mange spennande prosjekt som gjer det til ein spennande jobb.
– Til dømes Høyanger Recycling og strategien Hydro har lagt rundt resirkulering. Å få senteret på plass, blir ein viktig første milepåle.
Verket i Høyanger er eit gamalt verk. Ho seier det blir viktig å sikre god forvaltning av anlegget.
– Og sikre at vi driv lønsamt. På meir overordna basis er eg oppteken av å jobbe for gode rammevilkår for aluminiumsindustrien i Norge.
– Vindkraftplanane til Hydro er eit stort tema i Høyanger fortida. Korleis blir det å vere fabrikksjef med det som bakteppe?
– Det er mykje engasjement og kjensler rundt vindkraft blant folk. Det må vi vere lyttande til. Samtidig er det slik at vindkraft knytt opp mot industri kan vere ein viktig bidragsytar i høve å halde oppe gode rammevilkår for industrien i Norge. Hydro vil alltid jobbe for å skape gode rammevilkår for sin industri, slik at vi er i stand til å overleve.
Sjølv stiller ho med opent sinn, klar til å lytte til det som blir sagt og lagt fram.
– Og håpar at vi ender med ei løysing som er akseptabel for alle partar.